Alvorleg og ubeskytta

Humor er ein måte å beskytte seg på. Ein kan drive gjøn, ironisere, parere vanskelege spørsmål med flirande hån eller fnisande assosiasjonar.
«Det er nemt at gøre nar» seier danskane.
Det er lett å gjere narr av alvoret, spele rollar og spele kvarandre ut.
Sentimentalitet, melankoli, romantikk. Ord med nyansar av spott.

Å kaste av seg intellektualisering og ironisering er befriande.
Å fortelle ei historie alvorleg og ubeskytta opnar for eit stort spekter av andre kjensler. Ein får komme inn til angsten, og inn bak den. Inn til ømhet, irritasjon, lyst, mismot, skam. Det opnar seg ei heil indre verd av tankar og kjensler.

Alle gode bøker eg har lese, dei verkeleg gode, har gitt meg ei kjensle av at forfattaren ikkje haldt noko tilbake. At h*n gav alt.
Å forstille seg, gøyme seg og drive narrespel er å redusere seg sjølve og sine eigne muligheiter.

Ein må gjere så godt ein kan, yte det ein kan. Ingen er så gode at halvt er godt nok for ein sjølve.

Advertisements