På bakgrunn av ein diskusjon med fire-fem andre*, har eg utforma ein hypotese om formidling av forplantningslære og utdanningsnivå. Den går som følger:

Både folk med høgare og lågare utdanning fortel ungane sine om grunnleggande, biologiske fakta kring forplantning. Om frø/sædceller og egg, om babyen som veks i magen til mor og kvar baby kjem ut.
Det er informasjonen ut over dette som er forskjellig på bakgrunn av utdanning.

Folk med høgare utdanning kjem med tilleggsinformasjon om at kvinner og menn kan få born utan å vere kjæraster, og at kvinner kan vere kjæraster med kvarandre og få babyfrø frå ein donor, og om adopsjon. Eventuelt ytterlegare tekniske opplysningar om det reint biologiske. Altså, det blir vektlagt tilleggsopplysningar som handlar om forståing for forskjellige familiestrukturar, eller djupare forståing av det reint realvitskaplege.

Folk med lågare utdanning kjem med tilleggsinformasjon om at det er deileg å lage born, at mor og far ligg tett inntil kvarandre mens far har tissen sin i tissen til mor og det kjennest deileg. Altså, det blir vektlagt tilleggsopplysningar om kjærleik og sex, altså forståing av nærleik og emosjonelle opplevingar.

* Dette har me vore gjennom før. Generaliseringar utfrå svært knuslete erfaringsgrunnlag. Veldig morsomt. Tyn, tyn. Preben Sett.

Advertisements