I dag vil eg vise dykk morfaren min.

Han døydde lenge før eg blei fødd, så for meg er han mytestoff og soger. Dette er det eg veit:

Morfar si mor var fransk adelsdame, og morfar sin far var dansk smed. Dei møttest då smeden arbeidde på godset der ho var dotter i huset, og kjærleiken mellom dei var ikkje akkurat noko foreldra hennar var begeistra for. Dei rømte saman og endte opp i Noreg.
Morfar var kjelesmed på BMV og etter han fins ein modell av ein kjele han fann opp. Ein sånn enorm sak som sto i hallen på Bergen mekaniske verksted, altså. Og så veit eg at morfar var streng, men rettvis, og at han hadde eit veldig sosialt engasjement og arbeidde for at dei som sleit og hadde det vanskeleg skulle bli tatt vare på. Derfor kom det mange «rare folk» heime hos dei, folk morfar viste respekt og omsorg.

Og så veit eg at før han fridde til mormor var han i Canada i mange år. Der dreiv han med bjørnejakt, og hadde med seg eit manus heim som handla om ein bjørnejegar som blei forelska i ei indianerdame.

Her er morfar, til venstre:

Ein gong ville morfar hjelpe til i kjøkenet, og insisterte på å røre i kakaoen. Det var ein bulk i botn av gryta, og den pressa morfar ned med sleiva, og så spratt bulken opp igjen og det kom kakao utover heile kjøkenet.

Morfar pleidde ta jentene sine med seg og sjå Filmavisen på kino, og etterpå drakk dei varm sjokolade med krem hos søster hans, mamma si tante Ingeborg.

Ein gong tok mormor på seg dressen til morfar på nyttårsafta, og hatt og stokk. Morfar blei sint, og sintare då ho gjekk ut på gata. Då ho runda gatehjørnet snurra ho elegant med stokken, og mor mi kunne sjå at morfar smilte. Men har såg morsk ut rett etterpå.

Dette er det eg veit om morfar.

Advertisements