Det er for seint å late som om det er sommar. Eg har fyrt i peisen og brukt tøfler i vekesvis allereie, og syns sjølv eg er ganske flink å vaske hender. Likevel klarte eg altså å bli sjuk. Om det heiter forkjølt eller influensa (forkjøling? influensert?) er underordna. Heilt overordna er at eg gjekk ned for telling. Teljing. Alt gjekk plutseleg i surr, og eg kunne ikkje tenke. Berre sove og hoste og ete pastillar og sjå tv. Eg gidd ikkje måle feberen, det er like skuffande som å gå på vekta. Ingen alarmerande auke eller nedgang, og dermed ingenting å slå i bordet med på heimefronten. Ja, for det er derfor folk måler feber. For å kunne seie «eg har feber» og dermed bli friteke for eit eller anna. Sidan eg ikkje jobbar med anna enn å skrive, så er det berre på heimefronten (heimevernet? fronten? høyres dette ut som ein slags krigssone?) eg kan bli friteke for noko.

Heldigvis har ektefellen sett med mildt og omsorgsfullt blikk på meg desse dagane, og eg har fått sjuke meg til heilt i fred. Fireåringen trudde knapt nok si eiga lukke i går, då han fekk krølle seg i armkroken min på sofaen og sjå Det gyldne kompasset og ete så mange halspastillar han orka. EIn kan ikkje legge seg til på ein heilt vanleg tirsdag og sjå film og ete drops utan å dele med ungane. Litt skuffa var han jo, over filmen, sjølvsagt. Ikkje så mykje fordi den var på engelsk og eg berre omsette ein brøkdel av kva dei sa. Eller fordi den ikkje er så god som den burde. Han har trass alt ikkje lese boka. Men fordi han meinte isbjørnen på omslaget var kledd i gull. Og isbjørnen i filmen hadde ein rustning som såg temmeleg sarva ut. Omlag det einaste med filmen ein faktisk ikkje kan kritisere.

No er eg så smått litt sånn der frisk igjen. I alle fall frisk nok til å drikke kaffe. Og sitte. Så får me sjå om det kan bli noko stor litteratur *host* ut over dagen.

Dette var så innhaldslaust at de fortener ein youtube-snutt eller noko. Men det blir det ikkje, for eg er for sjuk. Eg har ikkje målt feberen, de får berre tru meg.

Advertisements