Menn er vanskelege å forstå seg på, og det beste ville vore å vere emosjonelt uavhengig. Til no har dette virka umogleg for mange, men no er det innan rekkevidde. Du kan bli din eigen mr Darcy. Sjølvforsynt, sjølvstendig og i emosjonell harmoni.
Dette treng du:
- Eit stort hus
- Elggenser
- Vere taus og utilpass
- Smile overraskande varmt på slutten av dagen
Dette går over all forventing. Eg har hatt ein veldig fin dag. No smiler eg overraskande varmt allereie.