• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: oktober 25, 2008

Skapingsmytologi

25 lørdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 13 kommentarer

Norrøn mytologi sett i eit moderne perspektiv. Utdrag frå kapittel 18 i Song for Eirabu.

«Før denne verda me lever i blei til, var det berre ild og kulde og elles ingenting. Slik var det i ei æve, for ilden og kulda haldt seg frå kvarandre. Du forstår, denne verda er ikkje den første og nok heller ikkje den siste. Ild og kulde har mange gonger blanda seg og slik skapt verdener med gras og stein og levande folk og dyr. Kvar gong ei verd blir fødd er den vakker, og blømer i orden og mangfald. Og kvar einaste verd har si tid for venleik, si middelhøgd med venleik og fred, der all verdas folk har sin stad, og all verdas dyr har sin plass. Men til sist blir kvar verd ein stygg og grusom stad, der all orden går i oppløysing, kongar drep kongar og gudar drep gudar, og til sist går verda til grunne. Alle desse verdenane er born av ilden og kulda, og derfor ber ilden og kulda ein stor sorg i seg.»
Ragna smuldra grasstrå og rulla små, grøne pølser mellom fingrane.

Så bøyde ho seg ned og plukka opp ein maur som kraup over dei nakne tærne.
Okar sat stilt og såg henne smuldre mauren langsamt mellom fingrane før ho fortsatte å fortelje.

«Derfor nølte ilden og mørket blande seg, og dei trakk seg frå kvarandre. Men når det ikkje fins anna enn ild eller mørke, er det vanskeleg å ikkje røre ved kvarandre. Ilden samla seg tettare og tettare saman midt i mørket, til den berre var ei kule i mørket. Midt i ildkula sat Svid, ilden sin eigen herre, og dei ni ildryttarane i flammehirden hans reid rundt og rundt langs randen mellom lys og mørke. Nehl, den kvite og blå mor av kulde og mørke, omslutta dei på alle kantar, og mens ildkula blei mindre og mindre, gløda den stadig sterkare.

Til slutt var all ild og rørsle i denne og alle verdener samla i eit einaste punkt midt i Nehls sitt mørke skjød. I ei æve og ein augneblink var alt stilt. Berre den evige Svanen sirkla der ute i mørkret, utan lyd.

Så skreik Svid, han kunne ikkje halde det ut! Dei ni ildryttarane førte i det same ein veldig hird av gnister i ein flaum ut i mørket, til alle kantar. All Svids ild blei slynga ut i mørket til alle kantar, med veldig kraft.»

Ragna sette seg tett inntil Okar.

«Slik blei Horndragen fødd. Ilden og mørkret såg dragen løfte hovudet med hjortehorna og den brøla, ny og naken i verda, fødd av Svid og Nehl som såg med sorg på eit nytt liv mellom dei.»

«Dei var ikkje glade for dragen deira.» sa Ragna mest utan lyd. Ho såg for seg den veldige dragen, nyfødd og naken, og det einaste som møtte den var sorg. Det var ikkje til å halde ut.

«Dei er for gamle til å glede seg over det nye som likevel skal døy.»

«Var den vakker?»

«Den var så vakker at me ikkje kan fatte det.»

«Var den grusom?»

«Den var heilt aleine og den var uendeleg vakker» svarte Okar.

Ragna trakk pusten støtvis og djupt som om ho hadde gløymt det ei tid.

Mamma?

25 lørdag okt 2008

Posted by Avil in Kontornytt

≈ 8 kommentarer

Sånne forstyrrande element som kjem inn på kontoret er jammen ikkje lette å vere brysk mot.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

oktober 2008
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« sep   nov »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...