Norrøn mytologi sett i eit moderne perspektiv. Utdrag frå kapittel 18 i Song for Eirabu.
«Før denne verda me lever i blei til, var det berre ild og kulde og elles ingenting. Slik var det i ei æve, for ilden og kulda haldt seg frå kvarandre. Du forstår, denne verda er ikkje den første og nok heller ikkje den siste. Ild og kulde har mange gonger blanda seg og slik skapt verdener med gras og stein og levande folk og dyr. Kvar gong ei verd blir fødd er den vakker, og blømer i orden og mangfald. Og kvar einaste verd har si tid for venleik, si middelhøgd med venleik og fred, der all verdas folk har sin stad, og all verdas dyr har sin plass. Men til sist blir kvar verd ein stygg og grusom stad, der all orden går i oppløysing, kongar drep kongar og gudar drep gudar, og til sist går verda til grunne. Alle desse verdenane er born av ilden og kulda, og derfor ber ilden og kulda ein stor sorg i seg.»
Ragna smuldra grasstrå og rulla små, grøne pølser mellom fingrane.Så bøyde ho seg ned og plukka opp ein maur som kraup over dei nakne tærne.
Okar sat stilt og såg henne smuldre mauren langsamt mellom fingrane før ho fortsatte å fortelje.«Derfor nølte ilden og mørket blande seg, og dei trakk seg frå kvarandre. Men når det ikkje fins anna enn ild eller mørke, er det vanskeleg å ikkje røre ved kvarandre. Ilden samla seg tettare og tettare saman midt i mørket, til den berre var ei kule i mørket. Midt i ildkula sat Svid, ilden sin eigen herre, og dei ni ildryttarane i flammehirden hans reid rundt og rundt langs randen mellom lys og mørke. Nehl, den kvite og blå mor av kulde og mørke, omslutta dei på alle kantar, og mens ildkula blei mindre og mindre, gløda den stadig sterkare.
Til slutt var all ild og rørsle i denne og alle verdener samla i eit einaste punkt midt i Nehls sitt mørke skjød. I ei æve og ein augneblink var alt stilt. Berre den evige Svanen sirkla der ute i mørkret, utan lyd.
Så skreik Svid, han kunne ikkje halde det ut! Dei ni ildryttarane førte i det same ein veldig hird av gnister i ein flaum ut i mørket, til alle kantar. All Svids ild blei slynga ut i mørket til alle kantar, med veldig kraft.»
Ragna sette seg tett inntil Okar.
«Slik blei Horndragen fødd. Ilden og mørkret såg dragen løfte hovudet med hjortehorna og den brøla, ny og naken i verda, fødd av Svid og Nehl som såg med sorg på eit nytt liv mellom dei.»
«Dei var ikkje glade for dragen deira.» sa Ragna mest utan lyd. Ho såg for seg den veldige dragen, nyfødd og naken, og det einaste som møtte den var sorg. Det var ikkje til å halde ut.
«Dei er for gamle til å glede seg over det nye som likevel skal døy.»
«Var den vakker?»
«Den var så vakker at me ikkje kan fatte det.»
«Var den grusom?»
«Den var heilt aleine og den var uendeleg vakker» svarte Okar.
Ragna trakk pusten støtvis og djupt som om ho hadde gløymt det ei tid.
Vakkert!
Gleder meg virkelig til boka di kommer.
Nå gleder jeg meg enda mer!
Hei og takk for sist!
Lenge, lenge siden!
Er dette virkelig din tekst?
Dette var utrolig bra!
Bok? Gi meg litt oppdatering på hva som skjer er du snill? 🙂
Mvh
Arthur
Takk!
Arthur Mogens: Heisann! Kjekt å sjå deg her ute i den frie bloggeverda.
Ja, det er min tekst, og boka er snart ferdig. Kjem på Tiden Norsk Forlag i februar eller noko slikt. Manglar eit par kapittel eller fem inni der, og jobbar no med å få resten så bra som eg kan.
Denne tekstbiten er ikkje heilt representativ, dette er jo «tungt stoff», der den gamle læremeisteren fortel lærlingen sin om korleis verda blei til. Men det høyrer også med, eg likar jo mytologi og eventyr og sogefortelling. Sjølv om det er action og spelet mellom karakterane som tek mest plass.
*hopper opp og ned* og gleder meg!
Det høres ut som en veldig spennende bok – med temaer som tiltaler meg. Jeg synes kanskje dette var litt «tungt» ja, men likevel var det utrolig bra og lettleslig, så jeg ville absolutt lest videre.
Har du skrevet noen innlegg om hva boka skal handle om? Eller har du lyst å forklare det her?
Veldig nyssgjerrig:)
Eg må visst øve meg litt på å forklare kva boka skal handle om. Torsdag var det ein journalist her i to timar som blei veldig forvirra. 🙂
Spanande Denne boka MÅ eg ha! Lukke til 😉
Takk, jante!
Bloggen din er så fin om dagen at jeg avstandklemmer deg i smug, Avil!
Og stakkars dragen. Jeg er enig med Ragna.
*avstands- og smugklemmer rett tilbake*
…bare ginnungagap og gras ingen steder… Synes dette står bra i den norrøne tradisjonen ja.
Men det er noe litt rart med de ni du nevner her… jeg er litt i tvil om det skal symbolisrere planetene eller om vi skal litt dypere ned i materien- og snakker partikkelfysikk- kvarker etc.
Tilbaketråkk: Med liks i lasten | Ken Hansen