Eg har ikkje lese Oppskriften – for deg som vil opp og fram, Magnus S. Rønningen si bok om korleis ein kan bli kjendis. Eg har lese Morgenbladet si omtale. Og der blir Rønningen si framstilling av verda som kynisk kalla narsissistisk.

««Verden er et kynisk sted,» skriver Rønningen skråsikkert i bokas innledende kapittel. Det er mulig at Rønningens møte med verden har gjort ham bitter og kynisk, men å hevde at mennesker flest er kyniske er en uriktig påstand. Det er rett og slett ikke sant. Mennesker flest er moralske, og å hevde det motsatte er en elementær ansvarsfraskrivelse som bidrar til å legitimere hans eget prosjekt.
Her viser Rønningen seg også som patologisk: Han projiserer sine egne motiver og erfaringer over på andre og på verden. Det er dette som kalles narsissisme»

skriv altså Kjetil Olaussen, kultursosiolog fra London School of Economics and Political Science og høyskolelektor ved Markedshøyskolen.

Psykoanalytikarane sin bruk av greske mytar for å kategorisere og forstå psykopatologi gjennomsyrar språket til den vestlege intelligensiaen (for ikkje å seie heile den akademiske middelklassen i «vår del av verda»).  Narsissisten er ein interessant gjengangar, fordi han tilsynelatande står for det me alle er: Hans sjølvbilete er berre det omverda speglar, og omverda blir opplevd som lik hans eige (vrenge-)bilete av seg sjølv. Ingen eigen substans fins, berre møtet og gjenskinnet, speglinga og projiseringa. (1)

Men det eg først og fremst kom til å tenke på då eg las omtalen av Rønningen si bok var nettopp dette at Olaussen oppfattar Rønningen som narsissistisk på bakgrunn av Rønningen sitt kyniske verdsbilete, samstundes som Olaussen trekk fram påstandar frå Rønningen si bok som eg særleg gjenkjenner som patologisk narsissisme i Kohut sitt perspektiv, nemleg dette med at «ingen eigentleg har noko talent», ingen er kjendisar fordi dei kan noko eller driv med noko dei er glade for og gode til, rett og slett ei framstilling av desse menneska som blotta for arbeidsglede.

Psykoanalytikaren Heinz Kohut tilførte narsissismeomgrepet ei spanande forståing ved å gripe fatt i akkurat dette.
Han skildra ei naturleg og sunn narsissistisk utvikling hos born som det å dyrke og idealisere ein forelder som lot seg idealisere, og der eit barn som er trygt og elska kan få lov til å beundre ein forelder og ta del i den vaksne sin arbeidsglede og sjølvglede, og gjennom dette utvikle sin eigen glede ved seg sjølv og sin eigen kreativitet.
Den patologiske narsissistiske utviklinga er skildra som at barnet ikkje får vere trygg og elska, men like viktig: Heller ikkje får lov å idealisere forelderen. Der den trygge forelderen let barnet stirre beundrande på han i verkstaden, vil den utrygge og ikkje-gode-nok forelderen føyse barnet bort og devaluere sitt eige virke. Og dersom barnet opplever at den idealiserte forelderen devaluerar seg sjølv, vil barnet få vanskar med å dyrke fram si eiga arbeidsglede.

Barnet veks slik opp utan å få lov til å glede seg ved eige virke og eigen kreativitet, fordi han ikkje ser dette spegla hos forelderen, og ikkje har eit førebilete som viser korleis ein gjer det.
Barnet kompenserer ved å basere sjølvbiletet sitt på kva andre seier er bra, korleis ein kan komme seg opp og fram. Tilbakemeldingar frå andre som stadfestar at ein er verdt noko blir heilt avgjerande for at ein skal føle seg verdifull. Samstundes ligg truselen der heile tida: Kva om dei ikkje beundrar meg for det eg gjer, det eg får til, slik eg ser ut, det eg yter og ytrar? Kva om dei avviser meg? For rett innanfor den patologiske narsissistiske sjølvforelskinga, det synlege behovet for å hevde seg og bli beundra, ligg redselen for at ein er verdilaus. Utan tilbakemeldingane er ein ikkje berre tomhendt, ein er tom heilt inn i sjela, fortvila, trist og hjelpelaus.

Nokre slike narsissistar er intelligente, vakre og/eller svært dyktige innan eit eller anna fag. Dei får tilbakemeldingar som held dei oppe, dei sørgar for å etablere eit nettverk rundt seg som stadig rosar og beundrar. Gjerne inklusiv ein støttande og beundrande ektefelle. Det umodne sjølvet, den manglande arbeidsgleda og den manglande tryggleiken, er ikkje synleg i det daglege. Ikkje før omverda sviktar. Ikkje før ektefellen går, ein misser arbeidet eller på andre måtar mister det utvendige reisverket som held sjølvet oppe. Då fell narsissisten saman, og han er utrøysteleg. Då er han lite sjarmerande, i all sin ynkelege fortviling, og omverda vender seg bort med avsky. Han får stadfesta sine verste mareritt.

Kan hende skjer dette aldri, kan hende klarar han seg heile livet med si såkalla kyniske innstilling. Men han vil alltid mangle det han påstår ikkje fins: Gleda ved eigen aktivitet. Kreativitet, berre for sin eigen skuld. Arbeidsgleda. Evnen til å fordjupe seg og gløyme seg sjølv, evnen til alvorleg og utan tanke for andre, la seg oppsluke av det han yter.

Eg anar ikkje om Rønningen er plaga av noko av dette, ikkje har eg lese boka hans, og ikkje er det sikkert eg ville bli klokare på forfattaren om eg gjorde.

Men ein ting er sikkert: Eg trur det fins mange i Noreg som er kjente fordi dei likar det dei driv med, fordi dei er gode til det, fordi dei har talent. Eg trur det er mange trygge og sunne folk som endar opp med å komme i media sitt søkelys. Men eg trur også at det rundt dei sirklar folk utan tryggleik og arbeidsglede. At det fins folk som freistar støtte opp om eit utrygt indre ved å la seg skinne på av dei som kan noko. Og eg er også sikker på at denne handboka i korleis ein skal komme seg opp og fram aldri vil føre til at nokon av dei blir lukkelege. Det blir dei ikkje før dei finn indre tryggleik og glede ved eige arbeid. Å la seg skinne på er alltid ei forgjengeleg glede. Å finne sitt eige, indre lys, – gleda ved eigen aktivitet –  er den einaste varige kjelda til glede.

  1. Som ein digresjon kan ein seie at ut frå eit sosialkontruktivistisk verdsbilete fins me alle berre i møtet med kvarandre, me forstår oss sjølve og omverda ut frå det som blir spegla og det me projiserer, om ein freistar samtenke psykoanalysen med sosialkonstruktivismen. Ei slik samtenking er umogleg, vil ein kan hende seie, psykoanalysen ser kvart menneske som atskilt frå alle andre, og berre med objektrepresentasjonar og superego som indre speglingar av omverda, mens sosialkonstruktivismen flyttar fokuset bort frå sjølvet og over i interaksjonen. Likevel er det slik at desse to motstridande teoriretningane begge påverkar vår måte å forstå oss sjølve og omverda på, og slik ender me opp med å samtenke desse utan vidare refleksjon.
    I eit slikt perspektiv vil einkvar som avslører seg som kun eksisterande i relasjonane, og kun eigennyttig agerande, stå i fare for å bli oppfatta som narsissist.
    Narsissisten blir då ikkje patologisk anna enn som den reindyrka stereotypen, og slik ahr det kan hende alltid vore. Eit snev av fortvila og søkande sjølvforelsking kombinert med sjølvforakt kan einkvar tillate seg, så lenge dette ikkje er det einaste ein viser av seg sjølve. Men som sagt: Ein digresjon. Og i høgste grad ein diskutabel sådan.
Advertisements