Opprørt venninne i telefonen: «Unnskyld meg, men eg er litt i affekt her. Har du høyrt kva jentene har sett på SFO?»

Eg (film av katastrofetankar gjennom hovudet: Ein blottar? Eit dødsfall?): «Nei, jentungen har ikkje sagt noko?»

Opprørt venninne: «High school musical! Nokon hadde visst hatt filmen med seg. Det er heilt utruleg. Her forsøker me å skjerme dotter vår mot denslags, og så ser ho det på SFO. Eg saknar verkeleg ein diskusjon om kva SFO skal vere, og kva det eigentleg er me betaler for. Dersom dei ikkje skjønar at slikt som dette ikkje går an, så tenker eg jo at dotter mi ikkje kan gå der. Men dotter mi seier at jenta di ikkje såg filmen, for ho sa ho trudde ho ikkje fekk lov.»

Jentungen (7)  sit og gjer lekser. Mor ser bro. Mormor ser bro. Ho stønnar.

Eg: «Viste dei High School Musical på SFO i dag, vennen?»

Jentungen: «Ja. Ganske dumt.»

Eg: «Men du såg ikkje på?»

Jentungen: «Nei. Me har aldri snakka om den filmen, men eg tenkte at det likna sånne Hannah Montana-greier som eg ikkje får sjå.»

Eg: «Veit du kvifor du ikkje får sjå det?»

Jentungen: «Ja, det er jo berre sånne fjollejenter som snakkar med pipestemme og oppfører seg toskete. Og du vil ikkje at eg skal sjå sånt, for du vil eg skal vere eit ordentleg menneske.»

Eg: «Eg skal snakke med dei på SFO, eg. For det er jo ikkje noko kjekt at dei viser filmar som ikkje alle får sjå.»

Jentungen: «Det er i grunnen rart at dei andre får sjå sånt. Men foreldra deira har nok ikkje tenkt på kva som kan skje. At me kan bli sånne fjollete jenter som berre er opptatt av sminke og mote og fniser og snakkar med pipestemme. Det er fint du tenker på sånt, mamma.»

Advertisements