• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: november 2008

Bursdagsblues

29 lørdag nov 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 28 kommentarer

Eg har bursdag i dag. 38 skinnande blanke år sidan eg nøyaktig to kg tung og skranten pressa meg ut i verda etter å ha vore i mor mi sin livmor litt for kort tid. På B-sykehuset i Bergen, der dei verken hadde kuvøse eller den legen som hadde lova mor mi å ta seg særleg godt av henne. Det gjekk no bra, får me seie, og sidan har eg feira ganske mange bursdagar. I år er intet unntak.
Som vaksen, mor og kone, er bursdagar ikkje hæla i taket akkurat. Ektefellen skal lage middag, og eg har fått forkle og Kenwood kjøkenmaskin i gåve, og skal bake kake og boller til gjestene.
Midt i livet, for seint til å tilbringe bursdagen med shopping inklusiv champagnepausar før kveldens fest, for tidleg å bestille snittar og ha ope hus.

Eg kjenner meg tom og trist, og veit ikkje kva eg skal gjere med det.
Det går vel over, alt går over, dei første 38 åra i livet mitt er i alle fall over.

Sånn går no dagane

27 torsdag nov 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 9 kommentarer

Eg er litt hektisk inni meg for tida. Dei siste fire månadane skulle sett slik ut: Skrive siste kapitlar inni der i nesten heilt ferdig bok, språkvask, korrektur, jippi ferdig!, NaNoWriMo’e ny bok, jippi!, – ja, du ser det for deg?

Eg er framleis på punkt 1.

Så ingen julehandel i Køben for meg, og ingen reise til Oslo og gå på konsert og ingen NaNoWriMo-premie og intet godt samvit.

Dagane ruslar og går og eg får gjort mindre enn minst, men eg står no opp og dusjar og kler på meg og drikk kaffi og handlar litt mat, trass finanskrisa, som eg trudde ville vere til stor glede for miljøet, men som viste seg å føre til at Kristin Halvorsen syns me skal bruke pengar me snart ikkje har på å kjøpe ting me ikkje treng. Bra me kan sjå fram til Obama, no når SV er blitt Bush-administrasjonen, i alle fall i små augneblink. Men eg handlar i alle fall, og handling er ikkje ingenting, det er store, store utfordringar.

Pixies: Trompe le Monde

25 tirsdag nov 2008

Posted by Avil in Musikk

≈ 7 kommentarer

23 september 1991 ga det amerikanske bandet Pixies ut albumet Trompe le Monde. Plata er ei av desse sjeldne opplevingane av energi og harmoni, det tek år mellom kvar gong eg høyrer den, men då blir den i cd-spelaren ein stund på repeat. No sit du foran pcen og er kanskje litt kald på nevane. Stiv i kroppen. Reis deg og rør på deg. Den stive nakken din kan sikkert trenge til å bange litt.

Heile albumet på Last FM

I don’t want the world, I just wan’t your half

25 tirsdag nov 2008

Posted by Avil in Musikk

≈ 4 kommentarer

Ana Ng and I are getting old
And we still haven’t walked in the glow
Of each other’s majestic presence
(Listen Ann)
Listen Ana hear my words
They’re the ones you would think I would say
If there was a me for you

They Might Be Giants, Ana Ng.


Heile teksten:

Make a hole with a gun perpendicular
To the name of this town in a desktop globe
Exit wound in a foreign nation
Showing the home of the one this was written for

My apartment looks upside down from there
Water spirals the wrong way out the sink
And her voice is a backwards record
It’s like a whirlpool, and it never ends

(Ann)
Ana Ng and I are getting old
And we still haven’t walked in the glow
Of each other’s majestic presence
(Listen Ann)
Listen Ana hear my words
They’re the ones you would think I would say
If there was a me for you

All alone at the ’64 World’s Fair
Eighty dolls yelling «Small girl after all»
Who was at the DuPont Pavilion?
Why was the bench still warm? Who had been there?

Or the time when the storm tangled up the wire
To the horn on the pole at the bus depot
And in back of the edge of hearing
These are the words that the voice was repeating:

(Ann)
Ana Ng and I are getting old
And we still haven’t walked in the glow
Of each other’s majestic presence
(Listen Ann)
Listen Ana hear my words
They’re the ones you would think I would say
If there was a me for you

When I was driving once I saw this painted on a bridge:
«I don’t want the world, I just want your half»

They don’t need me here and I know you’re there
Where the world goes by like the humid air
And it sticks like a broken record
Everything sticks like a broken record
Everything sticks until it goes away
And the truth is we don’t know anything

(Ann)
Ana Ng and I are getting old
And we still haven’t walked in the glow
Of each other’s majestic presence
(Listen Ann)
Listen Ana hear my words
They’re the ones you would think I would say
If there was a me for you

Torden i lufta

24 mandag nov 2008

Posted by Avil in Skriveprosess, Teikning, Tordenblågg

≈ 47 kommentarer

I dag kan du stemme på meg i Tordenbloggen. Eller stemme på andre. Eller begge deler.

dragekrise

H*n

23 søndag nov 2008

Posted by Avil in Kjønn

≈ 21 kommentarer

Britt og Jorunn har leika saman heile ettermiddagen. To fine, sunne ungar.  Dei kan så mykje allereie, dei har lært språk og reglar, dei rollespelar og fniser når dei overdriv eller bryt normene i spelet. Dei er seks år og dette kan dei.

Klokka nærmar seg barnetv, og Britt må heim. Det har mammaen til Britt sagt til mammaen til Jorunn.

– Åh, kan han ikkje få vere litt til, ber Jorunn.
Britt smiler og kikkar ned. Ho vil gjerne vere litt til.

– Ho, kviskrar mammaen til Jorunn. – Britt er jente og då heiter det ho.

Mammaen til Jorunn vil ikkje at Britt skal bli flau. Britt er tøffast i akebakken, har to millimeter langt hår og blå hettegenser. Jorunn har sagt han heile ettermiddagen. Dei har leika at Britt er pappa og Jorunn er mamma og pusen er den frekke babyen som ikkje vil ligge still. Men no er leiken over og mammaen til Jorunn vil ikkje at Britt skal vere flau.

Jorunn blir flau. Ho blir heilt raud i fjeset, og skammar seg. Mammaen til Jorunn vil ikkje at Jorunn skal skamme seg, dette skal ikkje vere flaut for nokon, dette er ikkje noko dei treng lage problemer av. Mammaen til Jorunn syns det er fint og greit at Britt er snauklypt og flinkast til å klatre i tre og helst vil vere pappa i leiken.
Men mammaen til Jorunn har tenkt at Britt likevel vil vere ho. For Britt er jo jente, og det ho gjer er lov for jenter. Det er ikkje naudsynt å kle seg i rosa og vere jålete for å vere jente. Dette veit mammaen til Jorunn. Faktisk syns mammaen til Jorunn at det er særleg bra at Jorunn er blitt så gode venner med Britt, sidan Britt er så ujålete og sporty og får Jorunn med seg på litt andre leikar enn Littlest Pet Shop. Mammaen til Jorunn syns at Britt er ei sunn og fin jente, at ho er med på å utvide det som jenter kan og gjer, slik at Jorunn kan sprenge seg litt ut av ballerinarolla.

Jorunn står og er raud i fjeset.
Britt tek på seg jakka. Britt er gripen av alvoret, ho smiler ikkje lenger, men ho er ikkje raud. Det er ikkje første gong at nokon seier han. Ganske ofte, eigentleg, seier dei han. Og ganske ofte må ho seie namnet sitt to gonger til vaksne som spør kva ho heiter, for dei trur dei høyrer feil når ho seier Britt.

Etterpå lurer mammaen til Jorunn på om Britt helst vil at dei skal seie han. Om det er leit at dei vaksne blir så rare i fjeset og opptekne av at ungane skal seie ho. Om dei er med til å tvinge skam og avgrensingar nedover Britt.

Kvifor kjenner eg meg så skamfull og hjelpelaus, tenker mammaen til Jorunn. – Eg vil jo berre at dei skal få vere seg sjølve.

Virrvarr skriv om gutevenner i jentekroppar.

Tarald skriv og diktar om å vere gut født i jentekropp.

Livsvisdom

23 søndag nov 2008

Posted by Avil in Avsløring, Filosofi

≈ 16 kommentarer

Håkkei, eg drit i at liv og lære ikkje heng saman. Noko må eg og få drite i, ellers blir eg mentalt forstoppa. Og eg drit jammen meg ikkje i mykje. Kanskje så lite at det kjennest frigjerande å starte ut med å skrive «drit» fire gonger.
Dette er i alle fall læra:

  1. Ta ansvar for eigen surhet. Det inneber å fatte at dei andre kan vere så dumme atte jelp, og den du er kjærast med kan vere imbesil faktisk, og sjefen den verste av alle sjefar, men reaksjonen din er det du som eig. Anten må du gjere noko med situasjonen, eller så må du lære deg å tåle den. Ingen kan redde deg frå dine eigne kjensler.
  2. Kjenn din eigen utstrekning og avgrensing. Du er ikkje superkvinne og du er ikkje ein liten lort. Du er noko midt mellom, og dei forventingane du har til deg sjølv bør helst vere nokolunde realistiske. Dersom du av ein eller annan grunn trur at du må vere perfekt for å bli elska, eller at du ikkje får til noko som helst, då er du ikkje realistisk. Sjå på kva du faktisk får til og jekk sjølvbiletet opp og krava ned.
  3. Det du gjer og det du oppnår heng saman. Du blir god til det du gjer mest. Legg merke til kva du brukar dagane dine til, og sjå at du blir god til akkurat det. Dersom du vil vere god til noko anna, må du gjere noko anna. Dersom du vil vere veltrent må du trene, dersom du vil vere god på grensesetting må du sette grenser.
  4. Ingenting nytt er lett. Endring er alltid vanskeleg. Det er som det du gjer, same kva det er, har laga stiar i hjernen, i familien, i vennekrinsen, i byen, i verda. Om du vil endre noko må du trakke ut i krattskogen, og det tek tid før du har trakka opp ein ny sti. Vanens makt sit både i skallen og i omgjevnadene. Om du alltid er litt sur og bisk og skal øve deg på å vere blid, vil kollegaene dine tru du er ironisk ganske lenge.
  5. Du skal døy. Eg skal døy. Me veit det og me veit det ikkje. Det er ingen grunn til å vente på døden, den kjem heilt av seg sjølv ein dag, for oss alle. Ein kan like godt leve så lenge det varer, anten det er kort eller lang tid. Nokre liv er kortare enn andre, desto mindre grunn til å sørge dei bort.

laurdag, november

22 lørdag nov 2008

Posted by Avil in Kjenslevart

≈ 3 kommentarer

du kjem springande
avstikkar frå ferden mellom to utestader
eg har ete pizza heime
med mamma og dei
luftar berre hunden
er tilfeldigvis på vikjo
eg tenker berre på deg
heile tida, heile tida

snøen fell frå gul himmel
dempar laurdagsnatta
gjer latteren frå gutane ved minibanken
mildare, venlegare
etter smilet
og den overraskande klemmen
løftar eg andletet, gjer meg høgare

hunden trekk ikkje i bandet
gutane ved minibanken ler ikkje
ingen bilar køyrer forbi
dei ventar høfleg
skjønar andakten i augneblinken
medan snøen landar og eg står still
og får mitt første kyss

Dagens låt (laurdag)

22 lørdag nov 2008

Posted by Avil in Musikk

≈ 13 kommentarer

I dag er det visst min tur å forsyne deg med eit soundtrack.

I tried to do handstands for you
I tried to do headstands for you
Everytime I fell on you yeah everytime I fell
I tried to do handstands for you
But everytime I fell for you
I’m permanently black and blue, permanently blue for you

– Chairlift, «Bruises»

When in Rome

20 torsdag nov 2008

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 18 kommentarer

Tenk om det var forbode å ha oralsex ein stad i verda. Tenk om det var forbode å vere homofil. Tenk om det var lovleg å steine kvinner som var blitt valdtekne, Tenk om det var lov å slå born. Tenk om det var lovleg å røyke hasj i eit eller anna land. Tenk om det var greit å tygge kaht der. Greit å plukke fleinsopp.

Tenk om andre land hadde andre lover enn me har her hos oss.

Tenk om det kom folk frå desse landa hit. Og meinte at lova frå heimlandet fulgte statsborgarskapet deira, ikkje kva land dei opphaldt seg i.

Ville ikkje det vere litt rart?
Er det ikkje rett og slett noko grunnleggande rart og merkeleg ved å lage ein lov som gjeld norske statsborgarar når dei er i utlandet?

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

november 2008
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« okt   des »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...