• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: november 3, 2008

Ørn mellom fjell

03 mandag nov 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 8 kommentarer

Ryggen min er ikkje noko landskap. La oss vere ærlege. Den er hud over musklar, bein og feitt. Nerver knytta saman i eit helvetes rot og kopla rett på hjernen. Handa di er ingen ørn som stryk mellom mine aude fjell, den er same organiske materiale som ryggen min, senar og musklar i hopetal, om enn nedskalert. Den er sterk, handa di, og varsam, og ryggen min går litt i boge når hud stryk over hud. Hjernen din er så langt borte frå min, me finn ikkje kvarandre, berre nervevasane under hud og kinestetisk muskelsans og auge som me lukkar og olfaktoriske sansar me ikkje har noko særleg bevisst forhold til, men som både du og eg har lese ein stad (neppe same stad) at har stor tyding for mellom anna valg av partnar (og me var nok kritiske, kvar på sitt vis).

Til sist

03 mandag nov 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 16 kommentarer

Til sist vil du berre forsvinne.

Du og alle dei andre kjente og ukjente der ute. Alle eg er glad i, huset eg bur i, furua utanfor. Dikta eg aldri rakk å lese, den amerikanske presidenten, historiebøkene, klesbutikkane. I ein og same augneblink vil du og alt det andre halde opp med å eksistere.

Akkurat no er eg her, og kan sjå deg eller ikkje sjå deg. Tru at eg ser deg. Og eg kan vite at du ikkje ser meg, eller tru at du ikkje ser meg. Eg kan kjenne den raspande einsemda kvar gong eg hostar, eg kan svelge og vite eg er sår. Alt dette fins no, i meg. For eg lever, enn så lenge.

Ein dag vil alt halde opp med å fins. Kvart minne, kvar kjensle, kvart ørvesle sansesignal, kvar mistolking, kvar sjølvhøgtidelege refleksjon.

Ein dag kjem eg til å døy. Det er det siste som skjer. Og i det same forsvinn alt.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

november 2008
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« okt   des »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen