Til sist vil du berre forsvinne.
Du og alle dei andre kjente og ukjente der ute. Alle eg er glad i, huset eg bur i, furua utanfor. Dikta eg aldri rakk å lese, den amerikanske presidenten, historiebøkene, klesbutikkane. I ein og same augneblink vil du og alt det andre halde opp med å eksistere.
Akkurat no er eg her, og kan sjå deg eller ikkje sjå deg. Tru at eg ser deg. Og eg kan vite at du ikkje ser meg, eller tru at du ikkje ser meg. Eg kan kjenne den raspande einsemda kvar gong eg hostar, eg kan svelge og vite eg er sår. Alt dette fins no, i meg. For eg lever, enn så lenge.
Ein dag vil alt halde opp med å fins. Kvart minne, kvar kjensle, kvart ørvesle sansesignal, kvar mistolking, kvar sjølvhøgtidelege refleksjon.
Ein dag kjem eg til å døy. Det er det siste som skjer. Og i det same forsvinn alt.
Befriende!
…men det er jo betryggende å tenke på at skrivefeilene dine kommer til å overleve deg, så fremt internett ikke dør eller går av moten («augneblink» er hankjønn).
😀
Dei overlever kan hende i google sin cache enn så lenge, men i følge min bevissthet vil også internett halde opp med å eksistere når eg døyr.
Korleis går det med nanowrimoinga di, Ole?
Statistisk sett har du heldigvis mange år igjen. Og jeg.
Det går ikke så bra, Avil. Jeg begynte, ble inspirert og bestemte meg for å skrive en «skikkelig» roman ut fra ideen jeg hadde. En slik en som det tar mer enn en måned å skrive. 1038 ord nå. Men jeg skal prøve å skrive så mye som overhodet mulig før Aschehoug refuserer det forrige prosjektet mitt og tar bort all motivasjonen min. Any day now…
lise: Mange år.
Ole: Snuble no ikkje i pessimisme på startstreken. Og om Aschehoug refuserer forrige prosjekt er det ENDÅ større grunn til å krumme nakken over tastaturet og gje ALT i dette prosjektet!
Takk for fin motivering 🙂
Du er bestest.
*suss*
Og det er en god tanke
Det er nettopp det det er.
Jeg synes tanken er både veldig god og veldig rar og veldig skummel.
Nydeleg tekst 🙂
No greidde du endå ein gong å sende tankane på sjølvstyr.
Ein tanke, nokre millivolt ,ein ørliten straum av elektronar set opp eit magnetfeltfelt som breier seg utover. Endelaust utover.
Nokre tusen lysår unna, ein fiskar på heimveg. Det milde nordlyset fyller strålesegla og gjev han styrefart utanom grunnbrota. I det han fortøyer båten, sender han ein varm tanke til dei ukjende der ute som endå ein gong hjelpte han trygt heim.
men, men … for meg er det mest skremmende. trist. jeg er helt med på at eksistensens forgjengelighet er det som på mange måter gjør den vakker, men fyttihelvete som det skremmer meg, fortviler meg, at alle jeg er glad i bare skal forsvinne og at jeg bare skal forsvinne, poff, borte. jeg sliter litt med å finne det frigjørende i det. men det virker som det (nesten) bare er meg …
vaaloek:
Det er vakkert, skræmande fortvilande og trist. Og eg trur ikkje heilt på det. Ein av dei tinga eg veit at Avil og eg er usamde om.
Men enn så lenge er me i alle fall her, og eg har dei finaste lesarane i heile bloggeverda. :rørt: