• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: november 4, 2008

Utanomsnakk

04 tirsdag nov 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 11 kommentarer

ja, eg skal skrive heile tida, eg veit det. Og om eg først skal blogge, bør det strengt tatt vere noko om Kongo eller andre viktige ting.

Det bør i alle fall ikkje vere økologisk dans. I alle fall ikkje med eit tilfeldig bilete av nokon eg aldri har møtt og sånn på. Eg veit det.

Då er det trass alt betre å danse litt sjølv.

Store slag krever vin

04 tirsdag nov 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 10 kommentarer

Me har gjort det før, eg og ektefellen. Ganske mange gonger etterkvart. Eg strevar med noko i plottet, og det kan berre løysast med vin og røyk og lang snakk, og så får det jammen berre vere at ein er litt ubrukeleg dagen etter. No har me altså snakka oss gjennom det store slaget. Ja, for sjølv om manuset er så godt som ferdig, manglar det nokre greier. Slaget var liksom ikkje heilt som det skulle vere. Karakterane gjorde det dei skulle for at alt skulle henge saman, men hey, noko mangla. Og så har eg teikna oppskalert kart og troppeflyttingar og åtak og det har bølga litt fram og attende og der skal floden avskjere retretten, og der skal ulvane stå truande i skogbrynet og der skal den syrrenske hirden vente på å gripe inn. Men noko er feil. Noko funkar ikkje som det skal. Er eg heilt avklara på kva herduegane kan og ikkje kan? Og kvifor skal det vere divine intervension der, og kvifor  gjev kongen opp der, og kvifor er det ingen tvekamp mellom dei to som burde ha ein tvekamp?

Slikt kan løysast.

Med snakk og med kvitvin.

På onsdag skal eg sende neste bolk tekst til redaktøren. Eg får ein travel dag i morgon.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

november 2008
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« okt   des »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 89 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen