Eg er glad og rørt over valget av Barack Obama som president i USA. Eg sat oppe til klokka fire og drakk te og såg tv, no er eg valgvakesliten og litt lukkeleg.
Me får unne oss ein dags jubel. Han kjem sikkert til å gjere mykje me ikkje likar, og ingen president i eit demokrati verken skal eg kan endre folket sitt, men eg unner meg å tru at han speglar dei sidene ved USA eg har tillit til.

Hadde eg vore litt mindre trøytt hadde eg sikkert funne på noko anna enn ein dansande øko-Obama.

Hurra!

Advertisements