«Du kan tene pengar på andre ting enn sjølve boka når du skal vere forfattar,» hadde eg tenkt. «Du kjem deg jo litt ut og får lese opp.»

Ingen fortalte meg at det var så dyrt å komme seg ut blant folk. For det ein måtte tene på ei opplesing går monaleg opp i spinninga. Ikkje berre endar ein opp med å drikke øl med forfattarar som har så mykje å fortelle at ein aldri går heim. Og øl er dyrt. Særleg om ein ikkje kjem seg heim i rimeleg tid. Ein finn også ut at ein må kjøpe ein haug med bøker.

Her er berre nokre av dei som står på handlelista etter nynorsk barne- og ungdomsbokfestival:

Erna Osland har mellom anna skrive sakprosa for born. Både eg og ungane likar gode fortellingar, og me likar å lære ting. Til dømes kan det vere kjekt å lære om tenner, dyrefedre som har hovudansvar for borna, dyr som lever i symbiose eller hår, samstundes som ein reflekterer over å leve med seg sjølv slik ein er, vennskap eller verdshistoria. Eller så kan ein lære om å køyre veldig store trailarar gjennom endå større tunnelar.

Arnt Birkedal har skrive om ein stille gut som veks opp blant gaulande folk. Arnt har, akkurat som Erna Osland, skrive så mange bøker at det var litt flaut at eg ikkje kjente til dei frå før. Ikkje nok med det, eg høyrte dei lese, begge to. Og det var ingen gode grunnar til å ikkje ha høyrt om dette. Gaulevik var morosam og fin, og Arnt forsikra meg om at han ikkje tok omsyn til born i det heile tatt mens han skreiv. Det blir gjerne gode bøker av slikt. Sjølv om ein godt må ta omsyn om det ligg naturleg for ein, det er ikkje det.

Rune Belsvik har fått mykje pes for å skrive litt for beint fram om sex i siste barneboka si. Eg tenker at Rune tek ikkje så mykje omsyn til slikt, mest fordi han skjønar at livet er for viktig. Rune hentar fram seg sjølve som unge og ungdom, og han forstår. Han er brutalt ærleg, og samstundes varleg omsorgsfull overfor denne såre, tøffe, fine guten han kan gjere så levande for seg sjølve – og for oss som lyttar. Rune går rett inn til det som betyr noko, og tør å vere der.

Om nynorsk litteratur av og til slit litt med å komme ut til Folket, trass i at nynorskforfattarane på det grovaste røskar til seg litterære prisar kvart einaste år, er det nokre som får til å vere kommersielle. Og nynorsk ungdomslitteratur har si eiga superstjerne, ei av desse menneska som skin litt sterkare enn alle andre, og som alle gjerne vil ha kvar sin bit av.

Når Ingelin Røssland les, er det berre å gje seg over. Tekstane ho les er morosame og sjarmerande, dette er Pippi anno 2008, ein autoritetsforaktande ungdom som har bytta ut Lilla Gumman med moped, og som spyr bak hotellet når ho driv Wallraff-journalistikk i lokalmiljøet, og ho DRIT i gutane.

At dei genetiske styresmaktene har dryssa stjernestøv på forfattaren gjer ingenting. Publikum har ikkje vondt av å gruppeforelske seg.

Advertisements