Eg har vore på Nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival, og har litt å skrive av meg. Eg deler det opp i nokre bloggpostar, for å ikkje trøytte deg heilt ut.

Eg har lese for ungdommar. Det gjekk fint. Dei sat stilt og lytta, og verken snakka i mobiltelefon eller flira ope av meg eller boka mi. Men eg var engsteleg, så eg valde eit kapittel som er ekstraordinert valdeleg og ekkelt, nemleg kapittelet der Ragna for første gong får vere tilstades ved eit blot, og der ho sjølv på slutten av blotet skal drepe eit lam. Det dryp av blod og innvollar, faktisk. Ho sleiker seg om munnen, etter å ha grave ansiktet inn i det vesle blotlammet sitt, faktisk. Ekkelt nok.

Og så gjekk det etterkvart opp for meg at me er litt engstelege for ungdommar, dei fleste av oss. Eg er i alle fall ikkje heilt aleine om å engste meg. Eg vil underhalde dei, fengsle dei og få dei til å bli nysgjerrige. Men eg trur det skal vere vanskeleg. Eg trur at dei har lett for å skli av stolen og snøfte og le av den som les, eller berre begynne å kviskre saman eller sende tekstmeldingar. Eg trur rett og slett dei skal vere uhøflege. Men det var dei jo ikkje.

Resultatet av all denne engstelsen, som eg altså fann ut av at eg delte med andre som skreiv bøker, er at ungdommane får presentert spektakulære greier. Forfattarane rotar gjennom bøkene sine for å finne noko som verkeleg rører og sjokkerar og fenger. Og finn fram det dei måtte ha av sex, banning, action og vald.

Slik sit ungdommar kan hende tilbake og er blitt litt lurt. For det er mykje anna i desse bøkene. Kan hende er dei ikkje eingong så kjempeinteresserte i å lese bøker med banning, vald og sex. Kan hende syns dei eigentelg at det kan bli litt mykje. Kva veit eg.

Advertisements