Virrvarr har utfordra meg til å presentere min muse. Eg har tenkt. For dette var ikkje lett.
Kvifor skriv eg?
Kva er drivkrafta, inspirasjonen, kva er aktivert i meg når eg skriv?
Eg er.
Og du er.
Og dette:
Min indre lesehest.
Uro. Kjensla av ei stikkande, glødande kule av noko levande midt i glidande gele av likesæle.
Forfattarar som har rørt ved meg med tekstane sine.
Forteljarglede.
Engasjement. Fellesskap gjennom å dele kva eg meiner med andre. Med dei som er samde og med dei som ikkje er.
Trongen til å utforske.
Ein måte å redde meg sjølv.