du kjem springande
avstikkar frå ferden mellom to utestader
eg har ete pizza heime
med mamma og dei
luftar berre hunden
er tilfeldigvis på vikjo
eg tenker berre på deg
heile tida, heile tida

snøen fell frå gul himmel
dempar laurdagsnatta
gjer latteren frå gutane ved minibanken
mildare, venlegare
etter smilet
og den overraskande klemmen
løftar eg andletet, gjer meg høgare

hunden trekk ikkje i bandet
gutane ved minibanken ler ikkje
ingen bilar køyrer forbi
dei ventar høfleg
skjønar andakten i augneblinken
medan snøen landar og eg står still
og får mitt første kyss

Advertisements