Håkkei, eg drit i at liv og lære ikkje heng saman. Noko må eg og få drite i, ellers blir eg mentalt forstoppa. Og eg drit jammen meg ikkje i mykje. Kanskje så lite at det kjennest frigjerande å starte ut med å skrive «drit» fire gonger.
Dette er i alle fall læra:

  1. Ta ansvar for eigen surhet. Det inneber å fatte at dei andre kan vere så dumme atte jelp, og den du er kjærast med kan vere imbesil faktisk, og sjefen den verste av alle sjefar, men reaksjonen din er det du som eig. Anten må du gjere noko med situasjonen, eller så må du lære deg å tåle den. Ingen kan redde deg frå dine eigne kjensler.
  2. Kjenn din eigen utstrekning og avgrensing. Du er ikkje superkvinne og du er ikkje ein liten lort. Du er noko midt mellom, og dei forventingane du har til deg sjølv bør helst vere nokolunde realistiske. Dersom du av ein eller annan grunn trur at du må vere perfekt for å bli elska, eller at du ikkje får til noko som helst, då er du ikkje realistisk. Sjå på kva du faktisk får til og jekk sjølvbiletet opp og krava ned.
  3. Det du gjer og det du oppnår heng saman. Du blir god til det du gjer mest. Legg merke til kva du brukar dagane dine til, og sjå at du blir god til akkurat det. Dersom du vil vere god til noko anna, må du gjere noko anna. Dersom du vil vere veltrent må du trene, dersom du vil vere god på grensesetting må du sette grenser.
  4. Ingenting nytt er lett. Endring er alltid vanskeleg. Det er som det du gjer, same kva det er, har laga stiar i hjernen, i familien, i vennekrinsen, i byen, i verda. Om du vil endre noko må du trakke ut i krattskogen, og det tek tid før du har trakka opp ein ny sti. Vanens makt sit både i skallen og i omgjevnadene. Om du alltid er litt sur og bisk og skal øve deg på å vere blid, vil kollegaene dine tru du er ironisk ganske lenge.
  5. Du skal døy. Eg skal døy. Me veit det og me veit det ikkje. Det er ingen grunn til å vente på døden, den kjem heilt av seg sjølv ein dag, for oss alle. Ein kan like godt leve så lenge det varer, anten det er kort eller lang tid. Nokre liv er kortare enn andre, desto mindre grunn til å sørge dei bort.
Advertisements