Eg er litt hektisk inni meg for tida. Dei siste fire månadane skulle sett slik ut: Skrive siste kapitlar inni der i nesten heilt ferdig bok, språkvask, korrektur, jippi ferdig!, NaNoWriMo’e ny bok, jippi!, – ja, du ser det for deg?
Eg er framleis på punkt 1.
Så ingen julehandel i Køben for meg, og ingen reise til Oslo og gå på konsert og ingen NaNoWriMo-premie og intet godt samvit.
Dagane ruslar og går og eg får gjort mindre enn minst, men eg står no opp og dusjar og kler på meg og drikk kaffi og handlar litt mat, trass finanskrisa, som eg trudde ville vere til stor glede for miljøet, men som viste seg å føre til at Kristin Halvorsen syns me skal bruke pengar me snart ikkje har på å kjøpe ting me ikkje treng. Bra me kan sjå fram til Obama, no når SV er blitt Bush-administrasjonen, i alle fall i små augneblink. Men eg handlar i alle fall, og handling er ikkje ingenting, det er store, store utfordringar.
Ah – Eddie Izzard, fine fyren!
God anledning til å utsette dagens skriveøkt enda litt 🙂
Aj, slik har eg det for tida og. Berre at eg ikkje skriv bok men skal pugga kinesisk… Så du har mi fulle medkjensele.
Og så var det visst mest VG som hadde funne på det med shop til det svir… http://www.sv.no/partiet/regjering/finansdepartementet/egne_nyheter/dbaFile188723.html
Det der med Krisitn har jeg gått og surret og tenkt på. Mener hun serisøt at vi skal shoppe på kredittkort samtidig som punngen er tom og jobbene kan forsvinne?
Korleis ligg du an med skrivinga, då? Held du fristen?
ehem. er du kommet lenger enn i morges? me not. notnotnot. what’s the matter with me???
*lusker tilbake til manus*
Eg har faktisk skrive litt. Litt.
Kjerp deg gullet. I neste uke tar vi en kjoleshopping i Haugesund. Shopping hjelper mot (for) alt. Dessuten er overraskelsesbursdagspresangen innkjøpt selv om den skulle være etterbokenferdigpresang. Det er jo når verden butter i mot en trenger presanger/trøst. Ikke sant?
Bra! Stå på, no vil vi lese boka! 😉
flinke vennen. *suss*