Eg har bursdag i dag. 38 skinnande blanke år sidan eg nøyaktig to kg tung og skranten pressa meg ut i verda etter å ha vore i mor mi sin livmor litt for kort tid. På B-sykehuset i Bergen, der dei verken hadde kuvøse eller den legen som hadde lova mor mi å ta seg særleg godt av henne. Det gjekk no bra, får me seie, og sidan har eg feira ganske mange bursdagar. I år er intet unntak.
Som vaksen, mor og kone, er bursdagar ikkje hæla i taket akkurat. Ektefellen skal lage middag, og eg har fått forkle og Kenwood kjøkenmaskin i gåve, og skal bake kake og boller til gjestene.
Midt i livet, for seint til å tilbringe bursdagen med shopping inklusiv champagnepausar før kveldens fest, for tidleg å bestille snittar og ha ope hus.

Eg kjenner meg tom og trist, og veit ikkje kva eg skal gjere med det.
Det går vel over, alt går over, dei første 38 åra i livet mitt er i alle fall over.

Advertisements