No er manuset snart ferdig, i alle fall for ei siste gjennomlesing før jul. Og så skal eg bruke jula på å rette opp det som måtte vere openbert for meg sjølv og redaktøren, før ein ny og uhilda redaktør skal få lese ferdig manus. Så blir det ny runde med endringar, reknar eg med, før språkvask og korrektur.

Sleppedato for Song for Eirabu: 11.05.2009.

Eg har det litt travelt, og freister gøyme meg for internettet. Kjem tilbake når det er overskot til det.

Juleklem til alle!

teikne1

Advertisements