Redaktøren syns ikkje det var crap. Han var glad og nøgd, og no trur me boka blir bra.

Eg traff gode venninner i Oslo, og fekk møte aller søteste Virrvarr. Me snakka alt for høglytt om Hamsun og puling på Litteraturhuset, så andre samtaler forstummet og folk sank ned i skjul og lytta og lytta. Nokre mindre diskret enn andre.

Vel heime.
Fire nede, tre meir å gå. Julekaker, altså. Treet er kjøpt, og julenek. Nek, faktisk. Eg manglar ei gåve. Om lesarane har eit råtips til kva mi farmor på 89 kan få til jul (ikkje hanskar, skjerf, duk, dekkeserviettar, bøker, julekrimskrams eller mat) så blir eg glad.

Eg drikk raudvin, smugrøyker framleis, hjarta og havet stormar.

Men alt er bra, så lenge ein går ned i vekt. Koko.

Advertisements