Nellikappelsinar, bjørkeved og pepparkaker fyller reint hus med duft. Eg børster mjøl av hendene, smilar og sukkar, – no må eg visst støvsuge igjen.

Eg har tatt på meg ei rolle, du sa den var ukledeleg. Men om ingen merker det, så duger det.

Tindrande barneauge og and i frysaren, hjarte i vindauga og i oppløysing, det regnar på neket, fukt og kulde er bra for treet, i morgon skal det inn. Då skal alt inn, me skal fylle og fyllast, og Sondre Bratland skal fylle øyrene våre mens forsiktige, lubne barnehender heng opp det aller finaste i verda på stikkande greiner.

Er dette ansiktet mitt?

Betyr det noko?

Små, kokte poteter skal kandiserast og sausen skal ikkje ha så mykje feitt, mest smak. Kan du sende meg saltet? Det er farmor som har strøke dukane, er det ikkje fantastisk, og kransen på døra heng fast i stormen. Det stormar, vinden riv i nakne greiner utanfor, men det er mørkt, mørkaste tida dette, me ser det ikkje.

Me ser ikkje.

Det betyr ikkje noko.

Om ingen legg merke til det, fins det ikkje.

Reklamer