Det nyttar ikkje å berre seie halleluja, ein må gjere det også. Slikt seier foreldra mine av og til, og så smiler me. Uvisst av kva grunn, men det betyr ikkje så mykje.

Men kva betyr halleluja, lurer du kanskje på? Hallelu er hebraisk og betyr musikk, eller eigentleg berre lalala, slik me illuderer synging i norsk talespråk også. Ja er eigentleg Jah, kort for Jahve, altså Gud. Ein kan vere grei og tilføye at hebraisk er litt knipent med preposisjonar og slikt, og dermed kan ein forstå halleluja som sang for Gud, eller musikk til Herrens pris.

Eller me kan seie det som det er:

Gud, trallala, Gud, trallala, Gud, trallala, Gud.

Og no har me feira jul og fått sola til å snu, og snart er det vår.

Advertisements