I fjor hadde eg og dengongseksåringen ein nissesamtale som gjekk omlag slik:

Jentungen: Eg trur ikkje på nissen, eg, mamma.

Avil: Nei, eg har fått med meg det.

Jentungen: Og Jesusbarnet er jo berre ein porselensfigur i julekrybba til mormor og morfar.

Avil: Seier du det.

Jentungen: Men Gud, altså. Han elsker alle barna.

Avil: Pussig at du trur på Gud, eigentleg, sidan du ikkje trur på Jesus.

Jentungen: Trur og trur, eg forteller no mest røvarhistoriar.

Så eg rekna med at for hennar vedkomande var nissen temmeleg død og utruverdig og gravlagd på same kyrkjegard som tannfeen. Men eg har ein unge til, og han er desse magiske åra yngre. Så då han hadde slått ein av dei minste i barnehagen og nekta å pusse tenner på same dag, trua eg med streng nisse. Det skal seiast at alle dei betre løysingane var prøvd og komme til kort allereie. Men altså. Eg trua med nissen.

Avil: Du veit jo det, Halfdan, at lille julaftan kjem eg og far din ikkje til å fyre i peisen. Då skal me sitte her og drikke cognac og vente på nissen. Og så kjem han, som ein merkeleg vind ned peisen, og sit på huk inni der.

Snartfemåringen: Får du sjå nissen?

Avil: Håhå, ja visst får eg det. Du skjønar, ungane trur på nissen, dei vaksne får sjå han. Det er tradisjon, det.

Snartfemåringen: Sit han berre der i peisen og ser på dykk då?

Avil: Jepp. Han glor litt på oss. Det gjorde han i fjor, i alle fall. Og så seier me skål, og så seier han «er det nokre snille born her i huset?». Og då har eg tenkt meg å svare at «ja, me har i alle fall ei dotter som er ganske snill, men han der vetlebroren slår andre born og vil ikkje pusse tennene.» Og då seier nissen hohoho, han er litt rar sånn. For det er ikkje morsomt, syns no eg i alle fall, at du slår og nektar å pusse tenner. Men han ler veldig rart, «hohoho», og så held han hendene på kvar side av munnen og så blæs han – hooooosj – og så blir alle pakkane fylt med riktige gåver.

Snartfemåringen: Er det ikkje gåver i dei no? *sjokk*

Avil: Næsj. Dei ser sånn ut, og nokre er mjuke og andre harde, og nokre er temmeleg tunge. men dei er tomme. Det kjem ikkje skikkelege gåver inn i dei før nissen har pusta på dei. Og om du ikkje gapar opp og får pussa tennene no, og etterpå lvoer meg å ikkje slå ungane i barnehagen, så blæs han kanskje ikkje på dine pakkar.

Snartfemåringen: Men mamma?

Avil: Jah?

Snartfemåringen: Du kan jo seie til han at eg har tatt armhevingar nesten kvar dag?

Advertisements