Eg og ungane har mata ender i dag. Jentungen blei redd endene, mens Guttungen blei overraskande empatisk (overfor endene).

Etterpå besøkte me dei to kusinene deira. Lillekusine sat og spiste julekaker med dei vaksne, mens dei tre eldste leika oppe på rommet. Så kom Jentungen tårevåt ned trappa og kunne fortelje at broren hadde gått amok og virvla rundt sin eigen akse med lukka auge mens han lo og velta ting, og ho hadde altså gått med i dragsuget, ned for teljing, med andre ord fått ein gutteneve rett over naseryggen.

Jentungen (7): Han gjorde det ikkje med vilje akkurat, men han berre aste seg opp og så slo han til meg mens han snurra rundt.

Eg: Huffdå. Gjekk det raptus i han, altså.

Lillekusine (3): Kva er raptus?

Eg: Noko som skjer med små gutar omlag dagleg. Dei er rolege og leikar fint for det meste, men så går det raptus i dei, og så blir dei brått ustyrlege ei lita stund.

Lillekusine: Sånne har me og, på tv.

Eg: Javel? Litt greiare å ha dei på tv, vil eg tru. Heime hos oss er slikt dagleg kost.

Lillekusine: Her har me ein brun kost.

Advertisements