Eg har laga is i kveld. Kvar gong tenker eg «herregud, kvifor gjer eg ikkje dette oftare, fy faen så godt». Men i alle fall. Heimelaga is er best. Det knuser Häagen-Dazs any time.
Oppskrift:
2 liter kremfløyte piska til litt blaut krem
18 eggeplommer piska kvitt, eller i alle fall tjukt og lysare
1/2 kg sukker, 3 dl vatn og ein flekka vaniljestang (skrap frø ut, kok frø og stenger med) kokt i 5 minuttar til seigt
La sukkerlake kjøle til romtemperatur, og hell den i tynn stråle i eggeplommene mens kjøkenmaskinen køyrer
Eg kokar alltid sukker/vaniljelaken lenger enn oppskrifta seier, og når den avkjøler blir den for stiv og så må eg røre litt vatn i mens den kjølnar. Sikkert lurt å følge oppskrifta her, eg har aldri gjort det.
Bland forsiktig egge/sukkerlake-greiene saman med kremen med slikkepott. Vips i former og vips i frysen.
Etter sju timar har du nydeleg vaniljeis.
Men me stansar ikkje der, eg gjer i alle fall aldri det.
I dag blei iskremblandinga raskt fordelt på fire bakeboller, og kvar av dei fekk andre fine ting oppi seg som eg hadde gjort klår mens sukkerlaken kokte og kremen blei stiv og alt det der.
1. Nougat og cognac. Ein får stort sett tak i nougat no. Eg hadde ein pakke frå Anton Berg, kjøpt på Meny. Halve pakken skåre i små terningar og inn i kjøleskapet mens eg gjorde resten klart. Då isrøra var komme i bakebollen fekk den eit par skeier Braastad i seg og nougat-eterningane. Eit par sveip rundt med slikkepotten og vips i form og frys.
2. Sjokolade. Ungane knakk mørk, god sjokolade i bitar, og den fekk smelte i vatnbad. Gløym alt du har lært på kokekjøkenet om å smelte sjokolade. Den skal IKKJE i ei lita skål oppi ei stor gryte med kokande vatn. Då blir den berre kornete og dum. Eg har nokre IKEA-boller i metall som er litt breiare enn gryta eg set dei oppi. Men bruk gjerne to kjeler som er like store, der du puttar vatn i den nederste og sjokoladen i den øverste. Sjokoladen skal skånast for damp.
Smelta sjokolade blir raskt rørt inn i isrøra og vips i frysen.
3. Sylta fiken. Dansk svigermor var her før jul og sette frå seg nokre glas sylta valnøtter og sylta fiken ho hadde laga sjølv. Har du godsaker frå svigermor, eller delikatesseforretnignar, som du ikkje heilt veit kva du skal bruke til? Hakk og putt i isen. Vips i frysen. Og eg trur dei sylta fikenane fekk ein bitteliten dæsj cognac også.
4. Heimelaga syltetøy. Rett i røra, tre tak med sleiva og i frysen. Du kjem til å hate kjøpt jordbæris etter dette.
Det er ikkje noko poeng å fordele godsakene så veldig i røra, smaken er like god om cognac, sjokolade, syltetøy eller anna berre er sånn slurvete rørt litt inn. Dessutan ser det mykje kulare ut.
Du kan sjølvsagt også bruke hakka sjokolade, frukt, andre slags alkohol, bær, nøtter, alt som er godt. Eg ville ikkje putta frosne bær i røra, heller tine dei lett, tørke litt av og så bruke dei. Mest for å få litt av safta over i isen. No kom eg på at det er ganske naudsynt at eg forsøker å lage min eigen eggelikør/bjørnebær-is. Og pistasje-is. Åh.
Du kan ete isen når den har vore 7 timar i frysaren, og du treng ikkje tenke på den eller røre i den frå du set den der, til du skal ete.
Vel bekomme!
Tørker sikkel. Jeg gleder meg til jeg tør å forsøke dette, og til vi har stor nok fryseboks, eller egentlig…fryseboks i det hele tatt. Vi skal kjøpe en STOR en. 🙂
Å, eg er så einig. Heimelaga is er det beste. Korfor søren gjer eg det ikkje oftare?
Dene skal jeg jammen prøve. Takk!
18 eggeplommer?!? Hva i all verden gjør du med all eggehviten du får til overs?
Skulle ønske slikt falt seg naturlig for meg.
Noko av eggekviten blei brukt til å lage kransekakestenger.
Ein kan lage nøttebunn/mandelbunn til kake (og fryse eller bruke med ein gong).
Eller ein kan hive dei og tenke at ein gjer noko bra for finanskrisa.
Serveres selvsagt med litt hjemmelaget surkirsebærlikør. Årets ble nydelig!
Eggehvite kan brukes til så mangt. En kan f.eks blande noe inn i neste par omganger med eggerøre.
Men ikke minst: kokosmakroner.
Her er kort rapport fra «Fomlesens» jul 🙂
Har en gammel og enkel oppskrift: 280 g kokosmasse, 150g melis, 2 ss mel , en 1/2 ts vaniljesukker (det er sikkert enda bedre å bruke fersk vaniljestang) og stivpisket eggehvite fra 4 egg.
Det tørre blandes forsiktig inn i den stivpiskede eggehviten, formes til passe «klatter» og stekes ved 150gr i 10-12 min.
Årets produksjon gikk riktig greit syntes jeg. Merket med en slags distré glede at deigen falt mindre sammen enn vanlig, og sjekket underveis som vanlig at makronene ikke ble for brune. Mens jeg «beundret» produksjonen gjennom ovnsdøren la jeg merke til at kokosmakronene var uvanlig lite kornete «i år» Det var da det gikk opp for meg at JEG HADDE GLEMT KOKOSMASSEN.
Hylende morsomt, og slett ingen katastrofe. det var jo bare å slå ned temp til ca 100 gr, steke i 20 min til og voila: marengs. De har for øvrig vært atskillig mer etterspurt enn kokosmakroner.
🙂
Cassanders
In Cod we trust
Haha, og takk, Cassanders!
Takk for en meget nyttig post!! endelig klarte jeg å lage is. Har levd i den villfarelse at man må ha ismaskin eller drive å røre rundt etter innfrysing, og det har alltid stått for meg som uoverkommelig arbeid.
Nei, slikt driv me ikkje med, Fjordfitte. Me gjer det på beste måten, heller.
Her har jeg en plan om å endelig få lest meg litt opp på blogger jeg følger, er jo langt på etterskudd etter juleferien, og den første jeg er innom er Haustljos …og nå er planen ødelagt! Nå vil jeg vil bare lage is!
Er det lov å spørre om en oppskrift på noe med råmasse av pistasj? Har det i kjøleskapet og ser for meg at det kan bli noe grønt og kult, men vet bare ikke hva….
Godt nytt år, godeste Avil!
Råmasse av pistasj? Aldri prøvd. Men dersom det er litt seigt og vanskeleg å røre fort ut i ein luftig masse, kunne du putte det i egge-sukkerlake-blandingen før du skjærer inn kremen?
Og godt nyttår!