Utanfor har dei siste bilane spunne seg nedetter vegen, bistre menn og kvinner med hanskane på rattet og stuptrøytte ungar i baksetet har forsvunne ut i verda. Himmelen har lysna, huset er stille. Eg har tent stearinlys, laga meg te av lakrisrot, anis, ingefær og kanel, og dryppa honning og helt mjølk over denne dagen.
Første mandag etter ferie.
Eg puster.

For mandagar er silkemjuke og eg får endeleg rein og klår og uforstyrra arbeidsro i time etter time.
Det er framleis januar, og kaldare enn vanleg der utanfor vindusrutene.
Likevel er dette dagens dikt, fordi det er bokstaven M for mandag, og fordi det har akkurat slik det er.

Maj måneds katte
er bløde og glatte,
med knurhår af silke
og øjne som rav.
Maj måneds katte
kan spinde og pjatte,
og når de får killinger
siger de mjav.

– Halfdan Rasmussen

Advertisements