• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: januar 30, 2009

I mangel på katt

30 fredag jan 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 22 kommentarer

Det er lett å spissformulere seg når ein er sinna og skriv blogg. Og det kan vere vanskeleg å vite heilt kva ein skal skrive etterpå. Eg ser mange løyser slike kniper med å legge ut bilete av katten sin, noko som er litt vanskelegare for meg. Heimen min har kvinne og peis, men ingen katt. Eg burde kan hende peisblogge litt.

Uansett.

Eg meiner det såkalla alternative markedet burde gå gjennom same vitskaplege vaskemaskina som psykologifaget har gjort. Nettopp fordi psykologiske behandlingsmetoder har vore så «individuelle», vage og mytiske, og fordi dei teoretiske overbygningane har vore nærast magiske (kva anna skal me kalle Freud og Jung sine forklaringsmodellar?), og fordi faget har hatt så inderleg godt av alt arbeidet forskninga har gjort og framleis gjer, meiner eg det er naturleg å samanlikne. For femti år sidan hadde «alle vunne og alle skulle ha premie», men slik er det ikkje lenger. Det er større forståing for kva ein faktisk gjer og kva som faktisk virkar og kvifor det virkar. Framleis er det ein lang veg å gå, framleis driv klinikarane med mykje som virkar, men som forskarane kallar «fellesfaktorar» og som forsvinn litt i diffus tåkeheim.

Eg unner healarane og auralesarane og resten av kostebinderiet det same. Finne ut kva som virkar og kva som ikkje gjer. Finne ut kvifor. Luke ut alle dei som berre driv med tull. Publisere artiklar om kva ein driv med, debattere med andre, skape system og felles undring, systematisere funn og ta del i andre sine erfaringar.

Når Bjarne Håkon Hanssen flirer av kritikken tek han verken vitskapen eller dei alternative folka alvorleg.

Sånn, der fekk eg visst sagt noko av det eg hadde på hjarta likevel, heilt utan katt.

På mandag begynner eg i jobb igjen, denne gongen med psykisk helsevern for born.
Eg venter framleis på språkvasken, og har sikra meg arbeidsplass på Litteraturhuset dei travle seks dagane mellom tilbakemeldinga frå språkvaskaren og leveringsfristen til korrekturlesaren.

No skal eg ete lunsj med mor mi. Sola skin, og eg har snøklokker i hagen.

God helg!

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

januar 2009
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
« des   feb »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen