Blodfersk i arbeidslivet og aleinemor. Berre ein ting kan ikkje skje desse første to vekene: Nokon blir sjuke. Derfor slår dotter mi til med influensa. Hanglar ei veke med aukande hoste og snue, og dei siste dagane feber, heilt slakk og søv for det meste, og så oppkast då. Ikkje tale om at ein kan levere ein slik unge på skulen.

Nokon kan meine lagnaden freister fortelje meg at eg bør vere fulltidsforfattar. Slikt fnyser eg av, lite lagnadstru som eg er. Men det kjennest unekteleg ironisk.

Då er det fint å ha alternative evner. Eg har nemleg laga taco, tomatsaus og guacamole i dag (eigen versjon 2.0). Den influensasjuke hadde ved middagstider i dag ikkje ete nevneverdig på tre døgn. Ho steig opp frå det febrile for å freiste presse i seg eit par munnfullar. På mirakuløst vis gjekk svolt og favorittmat opp i høgare eining og jentungen har no ete like mykje som ein vaksen mann. Måleeininga har eg nøyaktig inne, sidan den vaksne mannen i husstanden er borte og det ikkje fins restar, trass i at autopiloten sørga for at eg laga like mykje mat som eg pleier.

No sit ho i sofaen og ser bittelitt betre ut enn før.
Kryss fingre for at sonen min no ikkje er smitta, og at *bank i bordet* eg ikkje blir sjuk når eg skal til Oslo og gjere boka ferdig.

Advertisements