Jentungen frisknar til. Jah, og der runda guttungen 40 i feber. Bør eg spa fram bilen mens det framleis er lyst, så eg kan få levert sjuklingen til pass hos mormor i morgon? Svaret er ja, men bør er ikkje det samme som gjennomført. Akkurat no har eg mest lyst til å gå i koma på sofaen med feberungen i armkroken.

Innimellom vasking av bad, hender, tørking av spy og rumper, bretting av kokte klutar og bæring og trøysting (ok – overdrivingsalert: ungane er så store no at eg driv ikkje med bæring), har det blitt lite teikning.

No er det 8 dagar til kart og illustrasjonar skal vere ferdige. Hark.

Men eg har begynt å skisse eit spanande prosjekt som skal gjere meg både lukkeleg og berømt.

Og så har eg fått epost om at Song for Eirabu var omtalt i Vårt land i går. Av alle ting. Ja, ja. Sofaen kaller.

Advertisements