Eg forsømmer bloggen litt for tida. Ny jobb på BUP, sluttspurt på Song for Eirabu, eg teiknar illustrasjonar kvar kveld, og er samstundes begynt på eit par svært medrivande nye bokprosjekt. Ja, og så twitter, då.

Men så dukkar det opp saker som fortener merksemd. Og då snakkar me ikkje om Willy Haugli, politihijab, fotball, suspekt Snåsamann-Drillo-connection eller Abraham Lincolns bursdag.

Nei, her er det alvorlegare saker: Nokon har tatt ein sexpille og ser triste ut.trist-etter-sexpille VG Helse illustrerer oppslaget med eit gripande bilete av den tristaste sexpillemannen ein nokonsinne har sett. Og ut frå overskrifta skulle ein tru han var forferdeleg trist fordi utløysinga hans er blitt utsett. Eg blei forvirra. Eg blei pirra. Eg tenkte «jammen, først tar dei desse viagra-pillene og får ereksjon som varer i evigheter, og så er dei bunn fortvila over at dei ikkje får orgasme med det samme? Kan det vere kvinna som ikkje får så kjapp orgasme når mannen har tatt sexpille? Eller er det rett og slett kvinnene som no tek sexpiller, og så opplever den fortvila mannen at kvinna bruker lenger tid på å få orgasme?» Eg var opprørt og interessert, og klikka meg inn på sjølve saka.

Der viser det seg at det er ei pille som utset mannen sin utløysing. Og kan du tenke deg: Misvisande illustrasjon! Han var slett ikkje lei seg etter å ha tatt den orgasmeforsinkande pillen! Han var lei seg fordi han ikkje hadde kjøpt piller. Han er faktisk lei seg fordi han er norsk, og i Noreg er slike piller ikkje tillatt. Og når pillen ikkje er tillatt er det også tabu å snakke om problemet, fortel Ole Martin Høeg (urolog) til VG.

Det er heilt logisk. Ingen pille, ingen open snakk om vanskane. Slik er jo livet. Eg snakkar utelukkande med vennene mine om ting eg veit kan kurerast medikamentelt.

Advertisements