Eg ser ut på eit slikt spooky postkort der greinene er dynga ned av tung snø, og alt i barnehøgd er borte i kvit masse.

Søndag fekk mannen-som-hadde-vore-borte den finaste gåva eg hadde å gje bort: Eg måkte heile parkeringsplassen der bilen hans skulle stå. Våt, tung snø, så kram at ein kunne dytte litt i den med ein finger, så blei den heilt massiv. Kunne sikkert bygd katedralar av slik snø. Og slike mengder.

Etterpå klarte eg ikkje rette ryggen, så det blei aldri noko av å måke foran garasjen. Inne i garasjen står bilen min. Der står den fint. Sannsynlegvis også lenge. For oppå den umåkte, klissvåte snøen (mengder: eg minner om at det allereie søndag var mengder) er det no falle urimelege nye mengder.

Eg likte aldri ordet mengd i førsteklassematematikken på barneskulen. Eg var heilt klar for pluss og minus og telle til hundre, og så kom dei trekkande med amøbar. Uformelege, slutta mender, overlappande mengder (for dei avanserte) og prikkar i utal inne i mengdene. Ein skulle ikkje telle prikkane, dei skulle forbli i utal, og mengdene skulle ikkje teiknast som geometriske figurar eller som noko anna det kunne vere remotely interessant å teikne. nei, her var det massar, prikkar, mengder, rotete blyantføring og keisemd.
Seinare strauk eg i matematikk i tredjeklasse på gymnaset. Det var særleg utrekning av ukjende mengder ved hjelp av nokre formlar eg framleis ikkje hugser namnet på som felte meg.

No ser eg ut på all denne snøen. Mengden.
Den er vakker, men ubehageleg.

Advertisements