Onsdag var den til no travlaste dagen. Først på jobb, og så teikne kart, og jaggu kom ikkje sjølvaste sjefsredaktøren med kone for å inspisere og nippe vin. Einslags vernissage på kartet over Eirabu. Som ikkje var heilt ferdig då dei kom, og først blei det klokka omlag midt på natta.
Men no! No! No! No skal eg ikkje vere på den der betalte jobben min før i mars, og i morgon kjem manus frå språkvask og no! No skal boka bli ferdig!
Og eg skal drikke te eller brus eller vin eller noko med ein mengd fine folk, og om nokon eg ikkje har nummeret til skulle finne på å ringe meg, så er eg pysete med å ta telefonen, så send helst melding.
Helsing mentalt frisk. Og glad.
Her sit bloggskribenten og kikkar ut på tåka, og undrar seg om kombinasjonen frost og tåke vil påverke SAS sine evner til å bringe bloggskribenten over fjella.
Aaah!, vin med richard og selma, eller tar jeg helt feil? de er så fine folk. jeg gleder meg til å lese boka di – og er glad for at du ikke skal på jobb på en stund. det er det aller aller beste. stå på, som vi sier i plankebyen. sees i kveld, vi kanskje. 😉
God tur, ser fram til å sjå deg!
Hurra!
Eigentleg vonar eg at du ikkje les dette. Ein skulle tru at blogging og det som dette fører med seg, kjem i kategorien «overspringshandling» slik arbeidssituasjonen din no er. Men om du likevel skulle finne på å lese kommentarane, vil eg nytte høvet til å ynskje deg lukke til.
*susse på bandanders*
*glad for å være på prioriteringslisten*
Hvorfor klarer jeg ikke å ta folk som virkelig bruker slåbrokk alvorlig?
Ja, og lykke til og sånn.
Skal du slutte å ta meg alvorleg no?
Kanskje.
Held eg med deg i.