Eg er heime att etter ei hektisk veke i Oslo, med språkvask på dagtid og venner på kveldane. Her liknar det meste seg sjølv. Ein meter snø i Oslo, mens det her på Stord er grøne spirer i heile hagen, lett regn og ein ange av jord i lufta.

I dag bygger guttungen ein huggorm i Lego, jentungen teiknar avantgarde greier av nakne damer med forvrengte lemmer, og ingen vil eigentleg vere ute trass den forsiktige vårstemninga.

Eg har vore runden på nett, twitra, meldt, maila, og no altså blogga. Undervegs var eg innom Facebook, og fann der ein reklame som fortener merksemd.

facebookreklame

Advertisements