Om nokon skulle skrive horoskopet mitt for dagen og verkeleg overtyde meg om at slike dagshoroskop er sanne, kunne dei prøvd seg på følgjande vage, men akk så skumle meir-mellom-himmel-og-jord treffande ordlyd:

Denne dagen står stjernene slik at du anar fred og ingen fare, men du bør ta deg i akt. Anten sit du og trur at noko positivt skjer, eller så trur du at du har orden med det meste, og så viser det seg at noko ikkje er gjort, og onde krefter er i rørsle.

Først: Håret.
Eg gjekk til frisøren i dag, for å få lysare hår. Først fekk eg plasthette på, og hyggeleg frisør plukka ut 1,2 millionar hårstrå, så ikkje alt skulle bli like lyst, men det meste og jamnt over likevel. Så alt utanpå hetta smurt inn med bleikemiddel, og eg sat under varmelampe og las ukeblad og drakk kaffe. Bleikestoffet måtte virke ei god stund, sidan håret mitt er så mørkt.
Så blei bleikestoffa omsider vaska av, hetta fjerna, og så skulle håret tørkast. Igjen ukeblad og varmelampe.
Håret var på dette tidspunktet pryda av alle slags fargar mellom lysegul, via oransje, til brun.
For å jamne fargen noko, og dempe det gule, smurte ho inn heile håret med ein kald, lysebrun farge. Den fekk virke akkurat så mange tjue minuttar den skulle, og eg hadde lese ut ukeblad nummer tre under tredje tur i varmelampa.
Tredje hårvask overstått, og så skulle håret tørkast igjen.
Resultat blei: Håret var igjen blitt akkurat like mørkt som før eg kom.
Eg slapp å betale, då.

Så: OneCall.
Då eg kom heim med heilt likt hår som før, etter å ha vore hos frisøren i 2,5 timar, låg eit kvitt brev og venta. Avsendar: Invoicia. Som for ein månad sidan skremte meg emd inkasso om eg ikkje betalte fleire hundre kroner til dei, for å ha betalt ein rekning til OneCall etter purring, men openbert nokre sekund for seint, sidan eg hadde vore borte eit par dagar og ikkje henta post. Veldig forvirrande i utgangspunktet, sidan eg meinte å ha betalt første rekning til OneCall, og absolutt purringa, og så likevel måtte betale eitslags inkassotrusselgebyr på toppen. No kom altså nytt brev. Kort fortalt meiner OneCall sitt innleide inkassobyrå at eg no ikkje har betalt noko som helst, og går til ytterlegare trugsmål. Dei vil no ha MANGE pengar, fleire pengar enn eg sparte på å ha uforandra hår, for å seie det slik, og trugar med søksmål.

Ironisk nok skifta eg frå Telenor til OneCall fordi det var billegare.

Advertisements