Som helsearbeider i psykisk helsevern har eg reagert mest på at ambulansesjåførane ikkje ville ta med seg Ali Farah fordi dei trudde han var narkoman. Men ingen kan forvente at Farah (som ikkje er narkoman) skal nytte saka si til å forsvare dei narkomane sitt rettsvern og diskriminering av dei narkomane sine lovfesta rettar til helsehjelp.

Ali Farah er svart i huden. Han opplever at ambulansesjåføren si forståing av situasjonen (at Farah blei oppfatta som narkoman) handla om rasisme.

Var det det?
Om ein kvit mann hadde hatt grønske på knærne, svaia, snakka omtåka, pissa på skoene til ambulansesjåføren og noko blod i håret, ville han blitt oppfatta som narkoman?
Saken er at den norske ambulansesjåføren sannsylegvis ville hatt meir sosial og kulturell kompetanse til å avlese Farah om Farah og kona hans var kvite. Då ville dei reine, nystrøkne kleda, den pene hårfrisyren, den glatte og sunne huden og det velpleide skjegget vore i strid med det inntrykket etnisk norske narkomane gjev. Ein etnisk norsk mann med tilsvarande grunnleggande velpleid og sunn utsjånad, kombinert med Farah sin usamanhengande oppførsel og blod i ansiktet, ville neppe blitt avlest som at mannen var narkoman. Med ei typisk norsk, velkledd kone og barnet deira med seg i parken i tillegg, ville det samla inntrykket sannsynlegvis ført til at ambulansesjåføren ville oppfatta Farah som ikkje-narkoman, og som ein alvorleg skadd person.

Er dette rasisme?
Er det manglande kompetanse på å avlese svarte mennesker sin utsjånad?
Er det manglande kompetanse på å vite kva som er velpleid og sunn for ein afrikansk utsjåande mann?
Er det fordommar mot svarte?

For å svare på dette må ein vere klår på definisjonane sine av omgrepa.

Saken, slik eg oppfatter den, er at me i dag har svært lite rasisme av typen «genetisk rasisme». Det er sjeldan eller aldri me høyrer røyster verken i media eller privat som hevdar at alle folk av ein bestemt hudfarge har ein bestemt personlegdom eller eit bestemt evnenivå. Eg har høyrt rykte om at ein liten flokk filipensbefengte ungdommar, under leiing av ein sur gammal mann ein stad i Noreg, framleis hevdar at kvite folk alltid er meir verdt enn folk med andre fargar. Det er betydeleg meir vanleg å tru at linjer i hendene seier noko om kor lenge me kan leve, for å seie det slik. Også ein genetisk fatalisme ein kan bekymre seg for, men rasisme er det ikkje.

Og ein lakmustest på om nokon er god, gammaldags genetisk rasist er å kviskre til vedkommande «han er adoptert«. Folk flest er ikkje denslags rasistar.

Dei aller, aller fleste røystene som er skeptiske mot folk frå andre land, er skeptiske til den annleise kulturen.  Me har trass alt vår eigen kultur, som seier noko om kva som er bra og dårleg. det seier seg sjølve at andre målestokkar for bra og dårleg må avvike litt frå vår, og slikt vil no alltid bety at ein er usamde.

Greia er at kulturar er hakket meir komplekse enn korvidt ein skal tru på ein gud, bruke hijab, røyke inne eller fullamme i 12 månader. Kulturar består av uendeleg mange sosiale reglar, og her kjem det verste: Ein kvar kultur består også av uendeleg mange subkulturar og folk bærer meir eller mindre subtile teikn på kvar i kulturen dei befinn seg, kva gruppe dei tilhøyrer og kva meiningar dei vil assosierast med.

Ein nordafrikanar som kjem hit må til dømes lære at palestinaskjerf er eit accessorie som kan bety fleire ting. Alt etter om ungdommen har høge hæler, store solbriller og brunt hår (omhyggeleg glatta og deretter rufsa, for så å bli spraya), eller om ungdommen har doc m’s, svart strømpebukse, piercinger og svart hår (omhyggeleg gnidd inn med voks, deretter rufsa, kanskje spraya, men for all del ikkje for å sjå meir naturleg og sunn ut).

Slikt tek tid å lære.

Me har alltid temmeleg god kulturell kompetanse på dei som er nærast oss, dei me har mest erfaring med. Eg er ein kløppar på norske akademikarar frå små stader, fødd omlag 1970. Eg veit noko om kva liv dei har hatt, og eg kan lese heimane deira, bokhyllene deira, solbrillene og veskene deira, jeansa og barnevognene deira. Dei som er litt lenger frå oss kan me framleis lese, utgruppene våre, dei me liknar, men tek avstand frå. Eg gjenkjenner og les dei kulturelle signala til dei som sit i publikum og klappar begeistra til Så tjukk du er blitt.  Men eg definerer meg forskjellig frå dei, og har dermed tendens til ein noko negativ vurdering, og større tendens til generalisering enn av mi eiga gruppe (som sjølvsagt er nyansert og samansatt, hallo!?!).

Jo lenger frå meg kulturelt, jo mindre erfaring eg har, – jo færre haldepunkt og jo grovare generalisering. Me beveger oss frå relativt kompetent kategorisering, via fordommar og over i det komplett unyanserte og kulturelt inkompetente.

Kva tid blir det rasisme?
Når den ein ikkje forstår har ein annan hudfarge?
Har då dette omgrepet nokon verdi i ei tid der kulturforskjellar viser seg gjennom så mange andre karakteristika enn hudfarge?

Eg tenker at tida er inne for å kvitte oss med rasismeomgrepet.
Det er nesten ingen som verkeleg meiner at folk frå Afrika eller Asia er ein annan rase enn oss, som i «ikkje menneskerase», og pigment blir ikkje oppfatta som nokon indikator på medfødde evner.

Til gjengjeld er me i ferd me å få ein relativt stor del av befolkninga som mange av oss openbert leser signala til temmeleg dårleg. At den sunne og velkledde familiemannen Farah blir oppfatta som narkoman er eit symptom på dette. Hijabdebatten er eit anna. Me veit ikkje korleis me skal lese klesdrakt og oppførsel, me anar ikkje om me skal forstå hijab som kvinneundertrykkande eller berre etnisk og festleg, om me skal tru at muslimske menn flest syns me norske, vanlege damer er horer, me klarar ikkje sjå på desse folka om dei går på universitetet eller er sveisarar, me les dei så dårleg, og dei nyttar seg ikkje nødvendigvis av våre kulturelle signal for å gjere det lett for oss.

Å kalle denne inkompetansen fordom når den gjeld polakkar, men rasisme når den gjeld somaliarar, er å oppretthalde eit arkaisk og lite informativt skille mellom å feiltolke/overgeneralisere i møtet med kvite folk og svarte folk.

Advertisements