Anne Enger har skrive bok, og folk reagerer på at ho kaller kvinner sine valg dumme.

Eg er no ikkje så sikker på at dette er det dummaste Anne Enger har sagt og gjort.

Å arbeide redusert, ha lang barseltid heime og ha mykje fri er goder som virkar umåteleg freistande på kort sikt, men som straffar seg økonomisk og karrieremessig på lang sikt.
At det er kvinner som velger permisjonar og redusert arbeidstid kan sikkert forklarast med både kultur og morsinstinkt og kva ein enn vil.

Det er no ikkje så frykteleg forskjellig frå å innføre røykelova, dette. Som røykar er eg fullstendig klar over at røykinga mi vil straffe seg på lang sikt, men det er no veldig deileg her og no. Og eg var sur og krenka då røykelova kom, men fann meg no i det.
På same måte som eg sikkert blir sur og krenka når det blir innført ordningar som reelt sett likestiller kjønna i høgare grad økonomisk.
Og eg vil finne meg i det, like muggent som med uterøykinga.

Allereie er det slik at me syns det var galskap å røyke inne overalt. Kan hende vil me om ti år syns det var galskap med offentlege økonomiske ordningar som stimulerte kvinner til lågare livslønn, svekka karrieremuligheter og låg pensjon?

Advertisements