Morgenbladet har snakka med Peder Kjøs (psykolog, forfattar, foredragshaldar, og samlivsspaltist i dameblad, og ganske sexy: Når dei først snakkar med Peder er det uforståeleg at dei ikkje viser fram eit bilete, eigentleg – er dette Morgenbladet sin måte å vise seg seriøse på? Illustrere saken med keisamt interiør, liksom?). Peder har sagt til Morgenbladet at psykologar berre vil jobbe privat og at dei dermed er dei rike sine behandlarar.

Men så viser det seg at det slett ikkje er noko problem å få ansatt folk i dei offentlege psykologstillingane. Utover i artikkelen kjem det fram at det eigentlege problemet er at det ikkje fins nok psykologstillingar i førstelinjetjenesten, i alle fall når det gjeld behandlingstilbod for vaksne.
Det vil seie at for å få hjelp til milde og moderate psykiske vanskar må du først til fastlege (førstelinje), og fastlegen kan tilvise til DPS (spesialisthelsetjeneste og andrelinje), der psykologane altså er ansatt.

Morgenbladet velger å køyre Peder sitt artige, urbane tunnellsyn i overskrift og ingress, men det viktige i artikkelen er dette: Psykologar vil gjerne arbeide i det offentlege, og det er stor etterspurnad etter psykologisk behandling, men det fins ikkje kommunale stillingar som sørger for at psykologhjelpa blir lett tilgjengeleg for folk som treng den.

No er DPSane bygd, etablert og opprusta. No må opptrappingsplanen få psykologar ut i førstelinja.pkjos1

 

Og etter press frå nokre av dei mannlege lesarane, set eg inn eit bilete av Peder i posten.

Advertisements