Språk, stemme, driv og flyt. Kvar setning er flikka og flidd på, kvart avsnitt skrive om og om att, til det sit.  Og så kjem korrekturlesaren med raudblyanten.

Eg har skrive:

Tynne armar strakk seg opp av molda. Eit skittent hovud med klistrete hårtjafser pressa seg opp mot det bleike lyset. Áma var igjen vaken.

Det første ho gjorde var å kaste voldsomt opp. Så forlot ho den opne plassen mellom trea. Skjærene var framleis tause. Dyra som nyss blei opprørte av skjelvet, kraup saman og laga ingen lyd kring den gjengrodde stien der Áma fann veg gjennom skogen. Ho gjekk til ho fann det ho leita etter. Ein haug.

 

Korrekturlesaren sitt forslag:

Tynne armar strekte seg opp av molda. Eit skite hovud med klistrete hårtjafsar pressa seg opp mot det bleike lyset. Áma var igjen vaken.

 

Det første ho gjorde, var å kaste skikkeleg opp. Så forlét ho den opne plassen mellom trea. Skjorene var framleis tause. Dyra som nyss blei skremte av skjelvet, kraup saman og laga ingen lyd kring den attgrodde stien der Áma fann veg gjennom skogen. Ho gjekk til ho fann det ho leita etter. Ein haug.

Eg har skrive:

Først då sola sank bak tretoppane, samla ho seg igjen og dvelte ved denne verda. Den var ikkje som venta. Hendingar var uteblitt. Ingenting kring ho var som det skulle vere. Ho mintes brått guden som vendte ryggen til ho.

Den unge guden hadde allereie blota synet sitt til tussemaktene for å få kjennskap til verda han var fødd inn i. Seinare hadde han delt alt han visste med minnefolket, ikkje for deira skuld, men i bytte for meir viten: For seidstaven.

 

Korrekturlesaren sitt forslag:

Først då sola gjekk ned bak tretoppane, samla ho seg igjen og dvelte ved denne verda. Ho var ikkje som venta. Det var hendingar som mangla. Ingenting kring ho var som det skulle vere. Ho mintest brått guden som vendte ryggen til henne.

Den unge guden hadde allereie blota eine auget sitt til tussemaktene for å få kjennskap til verda han var fødd inn i. Seinare hadde han delt alt han visste med minnefolket, ikkje for deira skuld, men i byte for meir kunnskap: for seidstaven.

 

 

 

 

 

 

Manus er på 470 sider. Dette blir ei travel veke.

Reklamer