I dag får eg tilbake manuset til Song for Eirabu frå korrekturlesaren. Dette er siste innsats frå mi side, før manus går til ombrekking og trykk og blir ei verkeleg bok. Det er vanskeleg å gje slepp, det er framleis mykje som kunne blitt litt betre. Nokre scenar eg ser kunne strammast opp, blitt endå tøffare, endå kulare, endå betre. Eg burde ha lese heile manus høgt, no etter språkvask, for å smake på språket, for å finne slappe setningar og for å sikre at flyten og drivet er der heile tida. Men det kan eg ikkje, for no er det gjort. No er det berre nynorsken som skal rettast i, og så er det over.

Kva gjer ein debutant då, når manuset ikkje kan flikkast meir på?

Eg tenkte: Det må vere endå eit kart med! Eg må teikne eit kart i mindre skala over nordre Eirabu!

Så det har eg gjort i helga. Teikna. Siste sjanse til å få med noko meir, siste sjanse til å tilføre noko.

Søndag kveld var det nye kartet nesten ferdig, men då måtte eg gå. Eg hadde kinobillettar å bruke. Watchmen. «Eg kan sjå Watchmen, og så kan eg teikne ferdig etterpå,» tenkte eg. Men det kunne eg ikkje.

Eg har ikkje vore så satt ut sidan eg såg Matrix I på kino.
Watchmen er så fabelaktig skrudd saman, narrativt så tight, estetisk så leiken og grusom og vakker, eg sat stiv i stolen under introen og kunne ikkje anna enn å henge med. Og då Rorschach fekk maska drege av, og skodespelaren viste seg å vere pedoen frå Little Children (Som små barn), sto kvalmen i halsen på meg.

Filmen var ferdig klokka 23, og eg måtte sitte på altanen og puste og tenke til klokka 01 før eg kunne sove. Ikkje teikne, ikkje sove. Berre puste og snakke.

Så då ein liten gut på fem år sto i døropninga halv seks i dag morges («mamma, eg har tissa på meg, kan du vaske meg? kan eg få vere her hos deg og pappa?») var det så alt, alt for tidleg.

Vetle prinsen som ikkje kjem tuslande om natta lenger, som knapt vil sitte på fanget og ellers berre har tid til ein kort klem, ville igjen (ein siste gong, kanskje) ligge midt i dobbeltsenga og halde meg i neven.

Ein varm, liten guteneve som lukka seg hardt rundt fingrane mine, og ei mjuk snøfting mens pusten blei roleg. Eg kan ikkje anna enn å halde neven, lukke augo og tenke at eg elskar den vetle kroppen, dette gutebarnet som eg sjølv har fødd.
Men eg får ikkje sove. Eg er av dei som må vere aleine under dyna for å sove.

No sit eg her, med Watchmen og guteneven og det nye kartet og manuset som eg må sleppe. Mandag morgon. Bra det fins kaffe.

Advertisements