Då er riktig manus, ferdig korrekturlese og proppande fullt av raude strekar, på plass i innboksen. I dag er det tirsdag. Håper alle døgn fram til fredag har 48 timar.

 

Her skin ellers sola. Vestlandsvåren, med snøklokker og krokus i blomst, og påskeliljene i knopp, viser seg frå si beste side. Nesten så ein sluttar å tenke «kvifor valgte me å flytte til dette klimaet». For ei kort stund i alle fall. Når våren verkeleg kjem til Oslo og alle sit der med insektsolbrillene sine og glisar på utekafeane, kan det jo hende at eg vil skule ondt på regnet igjen.

Advertisements