tonita saknar ein stad der vanlege, norske kvinner og våre yngre, muslimske landskvinner kan møtast. Prate. Diskutere. Ikkje for å komme i avisene, vere tabloide eller promotere eit eller anna. Berre møtast.

I svaret mitt til henne skriv eg:

Det er i grunnen ganske mange eg gjerne ville hatt i tale.
Unge kvinner som veks opp utan at nokon rundt dei reflekterer /problematiserer /diskuterer haldningar, kropp, kjønn, verdi, likestilling osb.

Nokre av desse jentene går allereie i 11-årsalderen med skaut eller med g-streng.
Nokre av dei blir fortalt at dei har ansvar for menns seksualitet ved å dekke seg til, andre får ansvar for menns seksualitet ved å få skulda for nachspielvaldtekter fordi dei har gått i miniskjørt og dansa på bordet i baret tidlegare på kvelden.
Nokre av dei får ansvar for familiens ære ved å skulle vere kyske, andre får vite at dei «får rykte på seg» eller «er billige» om dei har same forhold til sex som kompisane sine.

Og så får eg draumar om ein kvinnekafe i eit kvinnehus, der det er plass til barnevogner og galleri og skaut og briller, og med ei scene der forskjellige slags folk i blant kan halde foredrag som set i gang diskusjonen kring borda etterpå.

Det er i alle fall lov å drøyme.

Korleis ein skulle fått dei 16-åringane som ikkje er vakse opp med kjønnspolitisk dagsorden i heimen til å komme, er ei utfordring på linje med å få til sjølve huset, føler eg.

Advertisements