• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: april 2009

Høgdepunkt siste døgnet

30 torsdag apr 2009

Posted by Avil in Fint og flott, Skriveprosess

≈ 31 kommentarer

Mac og Caterina og eg såg kongen, dronninga, Åse Kleveland, den kanadiske presidenten og ein tamburmajor på Litteraturhuset.
Me blei passa på av hundre politifolk og ein bråte sånne Men In Black-folk då me var ute og røykte.

Me fann eit parkeringshus nær Mono.

Ragnar Hovland kjente meg igjen. Sjølv om eg var pinleg og fæl då eg møtte han for tre år sidan (og berre ville snakke om jobben min), så var det liksom litt fint. Han er jo ein lys levande helt.

Eg las utan å vere alt for synleg nervøs.

Eg fekk møte ei venninne sin kjærast for aller første gong, og han viste seg å vere utruleg hyggeleg.

Det var så utruleg mange kjekke folk.

Eg var lukkeleg.

Tegnestift har teikna meg. Eg har for første gong møtt Oda Bharfot og Fr.Martinsen og Kvinnekonger, og ein bråte andre brillefine folk. Fine damene Rullerusk og Aina og Beate var der også, og dei har blogga i dag om korleis dei opplevde arrangementet.

Eg drakk kaffi i sola i dag.

Eg spiste lunsj på Gyldendalhuset mer redaktøren min, forlagsredaktøren (sjefen) og presse-mannen til Tiden, og eg var fyllesjuk og usamanhengande og skamlaus, og dei vil ha fleire bøker, og det er heilt på ordentleg alt saman.

Og no er eg heime igjen, og det er også fint.

Håp. Og trøyst.

28 tirsdag apr 2009

Posted by Avil in Fint og flott

≈ 8 kommentarer

Hender det at du syns dei unge berre blir yngre og dummare, at dei berre trenar og tek solarium, at dei ikkje ser ut til å bry seg med verken det eine eller det andre, at dei er håplause og uinteresserte og uengasjerte og teite og på ingen måte så klok og krativ og tenksam som DU var dengong dinosaurane levde og du framleis hadde kviser?

I så fall fins det trøyst og håp.

Opplesing for publikum

28 tirsdag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 6 kommentarer

Dotter mi går i andre klasse. Bokstavane kunne ho før skulestart, og ei lita stund var lekser og lesing noko ein kom gjennom utan for mykje motstand. Men så blei det så keisamt. Lese same, vesle, keisame bit tekst fem gonger, for vaksne med stive smil og pedagogisk oppmuntrande tilbakemeldingar. Etterkvart freista me gjere det heile meir gøyalt, ho fekk i oppgåve å lese teksten ein gong med operastemme, ein gong med baktusstemme og så bortetter. Ho fekk kviskre, ho fekk synge. Men framleis, etter halvanna års lekselesing er det ikkje gøy med Tuba Luba.

I ettermiddag var det plutseleg noko heilt anna.
Ho las teksten høgt, med innleving. Ikkje berre fem gonger, men sju, åtte, eg trur kanskje ti gonger. Like gøy kvar gong.

lekselesing3lekselesinglekselesing2

 

 

 

 

 

Og kvifor var det brått så inderleg inspirerande å lese om att og om att?

Fordi det på andre sida av kjøkenbordet sat ein femåring og skratta like høgt kvar einaste gong.

publikum

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ungar treng også eit oppriktig nøgd publikum for å glede seg over å lese opp.

Eit alvorleg handikapp

26 søndag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 33 kommentarer

Nina Karin Monsen meiner born av lesbiske startar livet med handikapp.

Det fins etterkvart ein god del forskning på born av homofile og lesbiske. I 1999 arbeidde ei venninne av meg med si avsluttande oppgåve i mastergraden i psykologi ved Århus universitet. Temaet var lesbiske og homofile si omsorgsevne som foreldre, og kva eventuelle avvik ein fann mellom born av lesbiske og homofile og andre born.
Desse borna er nemleg ikkje ei ny oppfinning eller eit resultat av ny ekteskapslov eller avkriminaliseringa av homofile og lesbiske for knappe tre tiår sidan. Homofile menn og kvinner har alltid fått barn, i dei heterofile ekteskapa dei har inngått fordi dei ikkje kunne leve ut kjærleiken sin med ein av same kjønn utan sosial fordømming og skamkjensle. Eg husker ikkje namn og årstal på dei talrike kjeldene til venninna mi, men eg husker konklusjonen hennar: Born av lesbiske og homofile avviker ikkje frå andre menneske på gruppenivå, verken når det gjeld den omsorgen dei har fått, nettverket deira, sosial tilpassing blant jamnaldrande, eller når det gjeld atferd eller personlegdom.

Einaste signifikante funn som viste ein forskjell på born av lesbiske og homofile i høve andre born var dette: Som gruppe skåra dei jamnt over som meir tolerante.

I Nina Karin Monsens verd er eg ikkje i tvil om at dette er rekna som eit stort handikapp.

Hår med haldning

25 lørdag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 17 kommentarer

For omlag ein månad eller halvanna sidan bestemte eg meg for at håret mitt var for mørkt.

Eg var jo ung dengong ein kunne velge mellom stil ein lyse dongeribuker, pastellfarga trøyer, teite haldningar og åns hår, eller stil to svarte klede, svart eller hennafarga hår og skikkelege haldningar til feminisme, miljø, rasisme og pengar, og til stil to høyrde det også med mykje sigarettrøyking.

Det har vore hardt å bli bittelitt eldre, reint stilmessig. Eg skjønar at motar skifter, eg skjønar at sosiale signal i dag ser annleis ut enn før. Men for meg var dei svarte kleda, det rikhaldige utvalget skjørt, den svarte sminken og det svarte håret så mykje meir enn mote. Det var jo meg.
Eg gjekk gjennom identitetskrise då eg slutta å røyke for 10 år sidan. For å provosere mine indre strukturar maksimalt begynte eg samstundes å trene. Ikkje berre sånn kjenslevar rusling i skogen, neida, eg trente fire timar styrketrening dagleg. Eg blei ein ikkjerøykande, muskelbyggande, svarthåra raudvinspimpande raddisfeminist. Det gjekk an.

Men no: Håret. Eg freista som sagt få det litt lysare. Det er på ein måte ikkje vanskeleg, eg kunne berre slutte å farge det. Men då hadde eg fått ein drapsdømt-Marie-Antoinette-frisyre, og medmindre ein er drapsdømt er det neppe frisyren ein er ute etter.

Eg gjekk derfor til frisøren, og ho bestemte at dette måtte gjerast skikkeleg dyrt. Ho bleika striper, og farga stripene i ein slags mellombrun farge. I to veker hadde eg nesten svart hår med brune striper. Så var det ny stripeseanse, no skulle dei brune stripene utgjere majoritet etter frisørbesøket. Slikt mørkt, farga hår som blir bleika i striper ser veldig…fargerikt ut. Oransje og gule skulle derfor fargast med ein moderat brunfarge tilslutt. Men noko merkeleg, eventuelt magisk, skjedde og heile håret blei like mørkt som før første striping. Har eg fortalt dette før? Kan godt hende. Enden på historia (dengong) var at ein proff fargemann måtte komme og hjelpe etterpå, og fargebleike og ordne. Sidan har eg hatt eitslags ikkjemørkt, brunstripete hår.
Som dette:

I dag morges kommenterte jentungen at håret mitt var blitt kvitt innerst, så eg kjøpte og brukte hårfarge. Ikkje mørk brun, ikkje brun, men lys brun.

Resultatet? Håret mitt er nesten svart igjen. Håret mitt er så jævleg…sta.

På mandag skal eg klyppe meg hos den stakkars frisøren som brukte tre lange ettermiddagar på å gjere håret mitt lysare brunt. Ho blir sikkert imponert.

Slik en dejlig dag

25 lørdag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 2 kommentarer

Då eg var lita trudde eg den vesle kneppelyden i skogen på bråvarme vårdagar var bjørkeknoppane som brast. Det kan det umogleg vere, sidan bjørka her er utsprunge (for eit ord! for ei tid!) alt. Og i dag (kledd i jeans, t-shirt og converse, på veg ned i sentrum for å kjøpe Klassekampen og is – den gode sorbetisen fanst ingen stader og det der bokbilaget til Klassekampen viste seg lovleg tynt, men eg fann noko eg kunne hisse meg opp over og så er allting godt) kunne eg høyre dei små kneppa alle stader frå. Eg trur det er konglene. Furukongler som brest.

I veka som gjekk har det vore mangt og mykje å hisse seg opp over. Ei verkeleg god veke. Eg har hissa meg meir opp over arrogante journalistar som punkt ein verkeleg drit i kva verftsindustrien og oljeverksemda faktisk er for noko og punkt to verkeleg trur me som bur her vest er stapp dumme og under Røkke sin mafiøse makt når me irriterar oss over arrogant Oslo-presse.

Dessutan har eg hissa meg opp over tidlegare Helse-Fonna sin tidlegare direktør Johannes Kolnes som forsnakka seg overfor Haugesunds avis sin journalist, og kom til å seie at den glitrande og brillefine nye helsereformen som Pølse-Hanssen planlegger faktisk inneber ekstrem sentralisering, og at lokale sjukehus med akutt funksjonar, spesialistar og reelt helsetilbod for alle skal leggast ned, og at lokala skal huse forsterka gamleheimar. Etter å ha forsnakka seg ville han nekte journalisten å trykke saka, sidan det kunne skade den glitrande og brillefine reformen til Pølse-Hanssen.

Maktarroganse er bra for blodomløpet, og eg får vakre roser i kinna.

Eg har bestemt meg for kva eg skal lese på Mono og skrive innleiing (må skrive, ellers blir det alt for langt). Ute er det framleis over 18 grader, sola er gått ned og eg skal snart hente meg eit glas vin.

Deileg dag.

Status

22 onsdag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 25 kommentarer

Aiaiai, skadelidande bloggen min. Eg har visst mista nettgrepet, eventuelt twitra meg bort, eventuelt er det ringverknader etter å ha komme ut i alminneleg arbeid.

Dette har skjedd. Bok sendt i trykken. Eg har vore i sommarhuset og blitt raud på nasen. Ingen fekk flått, trass åtvaringar i lokalpresse og rikspresse (alert! alert! kode oransje: Noreg er ramma av mygg, orm, flått og andre terrorceller). Eg har hatt raud neglelakk på, eg har hatt mørkebrun lakk, mørkebrun lakk med gullglitter (eller emosirkus-lakk), og i dag har eg lilla lakk. Og så har eg ete, sove, jobba, gått turar, leika med ungane, spelt kort og i det heile tatt: Lata som om eg er eit heilt alminneleg menneske.

Mellom oss: Det er ikkje så vanskeleg. Men lengten etter å sitte lange dagar foran pc-en, rote seg bort i sine eigne tankar og snufse rørt over eigne ord, den ligg og lurer. Eg gleder meg til å skrive neste bok, men har ikkje våga meg på det heilt enno.

Neste onsdag skal eg lese på Mono (debutantkveld, gratis inngang, kjekke nettfolk i publiken, Ragnar Hovland som konferansier, kom tidleg, startar sju).
Det blir akkurat passe jævleg skummelt, og så får eg litt eksos og bråk og fyll og folk rundt meg igjen.
Kan vere greit etter all denne unaturleg friske lufta her.

Kva har skjedd med dykk?
Kom gjerne med ei lita oppdatering i kommentarfeltet!

Påske, schmåske

10 fredag apr 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 13 kommentarer

Det er fri, einslags heilag fri har eg forstått, men Kiwi køyrer framleis søndagsope her borte og me har bunkra på polet, så einaste bøygen er HSD sine fascistiske ferjeruter. Eg har fri frå denne ganske ferske jobben min, og boka er ferdig, så eg føler at eg burde ha noko å stresse med, men freister å chille ut med familien.

Me har hatt fest, og det var gøy. Første påskedag kjem ei av venninnene mine til å få ufortent pes av ein psykolog Dagbladet har spadd opp, sidan venninna mi har sagt noko til eit dameblad om at ein heller får ta seg saman og ha sex i rimeleg tid etter fødsel sjølv om det verken er freistande eller lystbetont. Psykologen kjem til å ta stilling til om korvidt ein bør ha sex mot sin vilje (alle er sikkert veldig spente på kva psykologen meiner om det), mens venninna mi ikkje meiner folk skal ha sex mot sin vilje, berre at dei kanskje må ta seg saman og ha litt halvkeisam sex for å komme i gang igjen. Noko slikt. Og slik går no påskedagane i kulturavisa Dagbladet.

Fjernsynet tilbyr lite og ingenting i påska for oss som nektar å sjå krim, så det burde vere duka og dekka for Jane Austen-maraton. Eller Babylon 5, om ein likar kjærleik og maktkampar betre om dei foregår ute i verdsrommet. Om du likevel skulle velge Austen, trass i partnars hang til verdsrom, kan du minne h*n om at Jane Austen sine drama faktisk også foregår i verdsrommet.

I morgon er det visst meldt 18 grader, så eg planlegg hagearbeid, vondt i ryggen og raud nase. Kan hende også kvikklunsj på trappa, sidan det er tida for Jesu død og oppstanden.

 

God påske!

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

april 2009
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
« mar   mai »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...