Det er fri, einslags heilag fri har eg forstått, men Kiwi køyrer framleis søndagsope her borte og me har bunkra på polet, så einaste bøygen er HSD sine fascistiske ferjeruter. Eg har fri frå denne ganske ferske jobben min, og boka er ferdig, så eg føler at eg burde ha noko å stresse med, men freister å chille ut med familien.

Me har hatt fest, og det var gøy. Første påskedag kjem ei av venninnene mine til å få ufortent pes av ein psykolog Dagbladet har spadd opp, sidan venninna mi har sagt noko til eit dameblad om at ein heller får ta seg saman og ha sex i rimeleg tid etter fødsel sjølv om det verken er freistande eller lystbetont. Psykologen kjem til å ta stilling til om korvidt ein bør ha sex mot sin vilje (alle er sikkert veldig spente på kva psykologen meiner om det), mens venninna mi ikkje meiner folk skal ha sex mot sin vilje, berre at dei kanskje må ta seg saman og ha litt halvkeisam sex for å komme i gang igjen. Noko slikt. Og slik går no påskedagane i kulturavisa Dagbladet.

Fjernsynet tilbyr lite og ingenting i påska for oss som nektar å sjå krim, så det burde vere duka og dekka for Jane Austen-maraton. Eller Babylon 5, om ein likar kjærleik og maktkampar betre om dei foregår ute i verdsrommet. Om du likevel skulle velge Austen, trass i partnars hang til verdsrom, kan du minne h*n om at Jane Austen sine drama faktisk også foregår i verdsrommet.

I morgon er det visst meldt 18 grader, så eg planlegg hagearbeid, vondt i ryggen og raud nase. Kan hende også kvikklunsj på trappa, sidan det er tida for Jesu død og oppstanden.

 

God påske!

Advertisements