Aiaiai, skadelidande bloggen min. Eg har visst mista nettgrepet, eventuelt twitra meg bort, eventuelt er det ringverknader etter å ha komme ut i alminneleg arbeid.

Dette har skjedd. Bok sendt i trykken. Eg har vore i sommarhuset og blitt raud på nasen. Ingen fekk flått, trass åtvaringar i lokalpresse og rikspresse (alert! alert! kode oransje: Noreg er ramma av mygg, orm, flått og andre terrorceller). Eg har hatt raud neglelakk på, eg har hatt mørkebrun lakk, mørkebrun lakk med gullglitter (eller emosirkus-lakk), og i dag har eg lilla lakk. Og så har eg ete, sove, jobba, gått turar, leika med ungane, spelt kort og i det heile tatt: Lata som om eg er eit heilt alminneleg menneske.

Mellom oss: Det er ikkje så vanskeleg. Men lengten etter å sitte lange dagar foran pc-en, rote seg bort i sine eigne tankar og snufse rørt over eigne ord, den ligg og lurer. Eg gleder meg til å skrive neste bok, men har ikkje våga meg på det heilt enno.

Neste onsdag skal eg lese på Mono (debutantkveld, gratis inngang, kjekke nettfolk i publiken, Ragnar Hovland som konferansier, kom tidleg, startar sju).
Det blir akkurat passe jævleg skummelt, og så får eg litt eksos og bråk og fyll og folk rundt meg igjen.
Kan vere greit etter all denne unaturleg friske lufta her.

Kva har skjedd med dykk?
Kom gjerne med ei lita oppdatering i kommentarfeltet!

Advertisements