For omlag ein månad eller halvanna sidan bestemte eg meg for at håret mitt var for mørkt.

Eg var jo ung dengong ein kunne velge mellom stil ein lyse dongeribuker, pastellfarga trøyer, teite haldningar og åns hår, eller stil to svarte klede, svart eller hennafarga hår og skikkelege haldningar til feminisme, miljø, rasisme og pengar, og til stil to høyrde det også med mykje sigarettrøyking.

Det har vore hardt å bli bittelitt eldre, reint stilmessig. Eg skjønar at motar skifter, eg skjønar at sosiale signal i dag ser annleis ut enn før. Men for meg var dei svarte kleda, det rikhaldige utvalget skjørt, den svarte sminken og det svarte håret så mykje meir enn mote. Det var jo meg.
Eg gjekk gjennom identitetskrise då eg slutta å røyke for 10 år sidan. For å provosere mine indre strukturar maksimalt begynte eg samstundes å trene. Ikkje berre sånn kjenslevar rusling i skogen, neida, eg trente fire timar styrketrening dagleg. Eg blei ein ikkjerøykande, muskelbyggande, svarthåra raudvinspimpande raddisfeminist. Det gjekk an.

Men no: Håret. Eg freista som sagt få det litt lysare. Det er på ein måte ikkje vanskeleg, eg kunne berre slutte å farge det. Men då hadde eg fått ein drapsdømt-Marie-Antoinette-frisyre, og medmindre ein er drapsdømt er det neppe frisyren ein er ute etter.

Eg gjekk derfor til frisøren, og ho bestemte at dette måtte gjerast skikkeleg dyrt. Ho bleika striper, og farga stripene i ein slags mellombrun farge. I to veker hadde eg nesten svart hår med brune striper. Så var det ny stripeseanse, no skulle dei brune stripene utgjere majoritet etter frisørbesøket. Slikt mørkt, farga hår som blir bleika i striper ser veldig…fargerikt ut. Oransje og gule skulle derfor fargast med ein moderat brunfarge tilslutt. Men noko merkeleg, eventuelt magisk, skjedde og heile håret blei like mørkt som før første striping. Har eg fortalt dette før? Kan godt hende. Enden på historia (dengong) var at ein proff fargemann måtte komme og hjelpe etterpå, og fargebleike og ordne. Sidan har eg hatt eitslags ikkjemørkt, brunstripete hår.
Som dette:

I dag morges kommenterte jentungen at håret mitt var blitt kvitt innerst, så eg kjøpte og brukte hårfarge. Ikkje mørk brun, ikkje brun, men lys brun.

Resultatet? Håret mitt er nesten svart igjen. Håret mitt er så jævleg…sta.

På mandag skal eg klyppe meg hos den stakkars frisøren som brukte tre lange ettermiddagar på å gjere håret mitt lysare brunt. Ho blir sikkert imponert.

Advertisements