Då eg var lita trudde eg den vesle kneppelyden i skogen på bråvarme vårdagar var bjørkeknoppane som brast. Det kan det umogleg vere, sidan bjørka her er utsprunge (for eit ord! for ei tid!) alt. Og i dag (kledd i jeans, t-shirt og converse, på veg ned i sentrum for å kjøpe Klassekampen og is – den gode sorbetisen fanst ingen stader og det der bokbilaget til Klassekampen viste seg lovleg tynt, men eg fann noko eg kunne hisse meg opp over og så er allting godt) kunne eg høyre dei små kneppa alle stader frå. Eg trur det er konglene. Furukongler som brest.

I veka som gjekk har det vore mangt og mykje å hisse seg opp over. Ei verkeleg god veke. Eg har hissa meg meir opp over arrogante journalistar som punkt ein verkeleg drit i kva verftsindustrien og oljeverksemda faktisk er for noko og punkt to verkeleg trur me som bur her vest er stapp dumme og under Røkke sin mafiøse makt når me irriterar oss over arrogant Oslo-presse.

Dessutan har eg hissa meg opp over tidlegare Helse-Fonna sin tidlegare direktør Johannes Kolnes som forsnakka seg overfor Haugesunds avis sin journalist, og kom til å seie at den glitrande og brillefine nye helsereformen som Pølse-Hanssen planlegger faktisk inneber ekstrem sentralisering, og at lokale sjukehus med akutt funksjonar, spesialistar og reelt helsetilbod for alle skal leggast ned, og at lokala skal huse forsterka gamleheimar. Etter å ha forsnakka seg ville han nekte journalisten å trykke saka, sidan det kunne skade den glitrande og brillefine reformen til Pølse-Hanssen.

Maktarroganse er bra for blodomløpet, og eg får vakre roser i kinna.

Eg har bestemt meg for kva eg skal lese på Mono og skrive innleiing (må skrive, ellers blir det alt for langt). Ute er det framleis over 18 grader, sola er gått ned og eg skal snart hente meg eit glas vin.

Deileg dag.

Advertisements