Nina Karin Monsen meiner born av lesbiske startar livet med handikapp.

Det fins etterkvart ein god del forskning på born av homofile og lesbiske. I 1999 arbeidde ei venninne av meg med si avsluttande oppgåve i mastergraden i psykologi ved Århus universitet. Temaet var lesbiske og homofile si omsorgsevne som foreldre, og kva eventuelle avvik ein fann mellom born av lesbiske og homofile og andre born.
Desse borna er nemleg ikkje ei ny oppfinning eller eit resultat av ny ekteskapslov eller avkriminaliseringa av homofile og lesbiske for knappe tre tiår sidan. Homofile menn og kvinner har alltid fått barn, i dei heterofile ekteskapa dei har inngått fordi dei ikkje kunne leve ut kjærleiken sin med ein av same kjønn utan sosial fordømming og skamkjensle. Eg husker ikkje namn og årstal på dei talrike kjeldene til venninna mi, men eg husker konklusjonen hennar: Born av lesbiske og homofile avviker ikkje frå andre menneske på gruppenivå, verken når det gjeld den omsorgen dei har fått, nettverket deira, sosial tilpassing blant jamnaldrande, eller når det gjeld atferd eller personlegdom.

Einaste signifikante funn som viste ein forskjell på born av lesbiske og homofile i høve andre born var dette: Som gruppe skåra dei jamnt over som meir tolerante.

I Nina Karin Monsens verd er eg ikkje i tvil om at dette er rekna som eit stort handikapp.

Advertisements